Shangri-La er det fjerde soloalbumet til den britiske musikaren Mark Knopfler, gjeve ut 28. september 2004 av Mercury Records internasjonalt og Warner Bros. Records i USA. Shangri-La fekk generelt god kritikk.
Bakgrunn I mars 2003 var Knopfler ute for ei motorsykkelulukke i Grosvenor Road i Belgravia, og braut kragebeinet, skulderbladet og sju ribbein.Davies, H. «Rock star hurt in motorcycle crash", The Telegraph, 19. mars 2003 Den planlagde Ragpicker's Dream-turneen vart då kansellert. Knopfler var sju månader borte frå gitaren i fysioterapi, men vart til slutt frisk att og kunne gå i studio og på scenen att i 2004 for det fjerde soloalbumet sitt og turneen som følgde.
Innspelinga Shangri-La vart spelt inn i februar 2004 i Shangri-La Studios i Malibu i California.
Komposisjon Songane på albumet følgjer den historieforteljande stilen som Knopfler var kjend for. Den førset singelen frå albumet, «Boom, Like That», var inspirert av sjølvbiografien til Ray Kroc, Grinding It Out, og starten på McDonald's, og nytta mange av uttrykka til Kroc. «Song for Sonny Liston» er ein song om den kjende boksaren Sonny Liston. «Donegan's Gone» handlar om den skotske musikaren og songaren Lonnie Donegan. «5.15 AM» fortel soga om den «einarma bandittmordaren» frå 1967. «Back to Tupelo» handlar om livet til Elvis Presley og skodespelarkarrieren hans. Albumet vart gjeve ut på LP, HDCD og i 5.1 kringlyd på Super Audio CD (SACD) og DVD-Audio.
Turné Knopfler la ut på turné etter Shangri-La kom ut. Turneen bestod av tre delar: Sør-Afrika, Asia, Australia og New Zealand; Europa og Nord-Amerika. Turneen starta 28. februar 2005 i Johannesburg i Sør-Afrika og omfatta 104 konsertar i 95 byar, og enda 31. juli 2005 i Vancouver i Canada. Turneen omfatta fem konsertar i Royal Albert Hall i London. Besetninga på turneen var Mark Knopfler (gitar, vokal), Guy Fletcher (klaverinstrument), Richard Bennett (gitar), Matt Rollings (piano), Glenn Worf (bass) og Chad Cromwell (trommer).
Mottaking
Shangri-La fekk generelt god kritikk. I meldinga si for AllMusic gav James Christopher Monger albumet tre og ei halv av fem stjerner, og skreiv at på dette albumet gjekk Knopfler bort frå britisk folk og keltisk-aktig pop, som prega dei tidlege soloalbuma hans, og valde i staden «storslagne, men rolege og varsame countryfolk-balladar og bluesaktig, mellomraske sørgesongar som gassar seg i den ukarakteristiske sparsamheita si». I staden for å skrive om kampen med dødelegheita si, utanom den ironiske «Don't Crash the Ambulance», brukar Knopfler «den varm barytonen sin og uanstrengte gitaren» til å utforske alt frå situasjonen til den moderne fiskaren (på den vakre og rustikke «Trawlerman's Song»), til entrepenørdugleiken til McDonalds-grunnleggjaren Ray Kroc (på «Boom, Like That»). Monger skriv til slutt:
Innhald
Medverkande Musikk Mark Knopfler – vokal, gitarar Richard Bennett – gitarar Jim Cox – piano, organ, munnspel Guy Fletcher – piano, organ Glenn Worf – bass Chad Cromwell – trommer Paul Franklin – pedalsteelgitar
Produksjon Mark Knopfler – produsent Chuck Ainlay – produsent, lydteknikar Guy Fletcher – lydteknikar Rupert Coulson – assisterande lydteknikar Bob Ludwig – mastering
Lister og salstrofé
Album Liste (2004)PlasseringAusterrike14Belgia9Danmark4Nederland4Finland10Frankrike5Tyskland3Italia95Irish Album Chart66Noreg1Polen15Portugal21Spania6Sverige3Sveits7UK Album Chart11US Billboard 20066
Salstrofé OrganisasjonNivåDatoBPI – UKSølvSeptember 27, 2004IFPI – SveitsGull2004BVMI – TysklandGull2005
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Shangri-La (Mark Knopfler album)» frå , den 21. januar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Shangri-La på den offisielle heimesida til Mark Knopfler
Kategori:Mark Knopfler-album Kategori:Musikkalbum frå 2004 Kategori:Album produserte av Mark Knopfler Kategori:Album produserte av Chuck Ainlay