Pernille Støverstein () var ein norsk folkesongar frå Hornindal i Sogn og Fjordane.
Bakgrunn Pernille Støverstein vart fødd som Pernille Seljeset på Seljeset i Hornindal. Foreldra var Kristen Kristensen Seljeset (f. 1886) og Steffine Seljeset (f. Gausemel, 1886). Pernille Støverstein budde på Støverstein i Hornindal kommune i Nordfjord.«Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sin database for utøvarar»
Saman med ektemannen Ragnvald Støverstein hadde Pernille døtrene Berit, Sigrunn, Kirsti og Olave. Dei fekk i tillegg tre gutar: Anders, Rolf og Kåre.
Folkesongar Ei viktig kjelde for Pernille Støverstein var mora Steffine Seljeset. Støverstein hadde og songtradisjon frå farfaren Kristen Mikalsen Seljeset. I ungdommen spelte ho gitar.
I barne- og ungdomsåra gjekk Unni Løvlid i lære hjå fleire kjelder i Hornindal, mellom anna hjå Pernille Støverstein.«Kjelda nr 2 / 2013 (intervju med Unni Løvlid)» På plata So ro liten tull, som Løvlid sleppte i 1999, er fleire av slåttane etter Pernille Støverstein. Mor til Unni, Oline Løvlid, er ein av mange som har gjort lydopptak av Pernille Søverstein for Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.«Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sin musikkdatabase»
I 2006 kom plata Fortal, som Oline Løvlid tok initiativ til. Her finn ein tradisjonell song frå Hornindal, sunge av 67 kvedarar frå kommunen. Pernille Støverstein var ein av kvedarane på plata. Ho var 93 år gamal då plata vart sleppt, og døydde to år seinare, i 2008.
Diskografi Fortal (Grappa/Heilo 2006)
Kjelder
Bakgrunnsstoff Lydopptak av Pernille Støverstein kan du høyre her. Opptaka er gjort av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, musikkavdelinga. http://issuu.com/fylkesarkivet Kjelda nr 2 / 2013 (intervju med Unni Løvlid)
kategori:Folk frå Hornindal kategori:Norske folkemusikarar Kategori:Kvinner frå Sogn og Fjordane