Rameh (arabisk الرامة, hebraisk רָמָה; òg ar-Rame eller ar-Rama) er ein arabisk by i Nord distrikt i Israel. Han ligg aust for Bi'ina og Karmiel.

Historie Edward Robinson identifiserte Rameh som den gamle Ramah i Asher (Josva 19:29) og synte til plasseringa og dei gamle sarkofagane som vart oppdaga på ein ås utafor landsbyen.Robinson, 1856, s. 64-65. Rameh var ein stor by under styret til krossfararar.

Landsbyen ligg på ein gammal stad, på ein ås over ei slette. I aust ligg ruinar av romerske bad, datert til 100- til 300-talet, og oljepresser frå same periode. Sør og søraust for landsbyen ligg gamle fundament, mellom anna med ein arameisk inskripsjon på ein dekkstein, som indikerer at det var ei synagoge frå 200- eller 300-talet. Nordaust for det romerske badet ligg ruinane av ein stor basilika. Denne vart graven ut i 1972 og der funne fundament for særs store søyler, i tillegg til polykrom mosaikk som syner dyre- og planteliv.Dauphin, 1998, s. 705

Osmansk tid I 1517 vart Rameh, i lag med resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket etter han vart erobra frå mamelukkane, og i 1596 var han ein del av Akka nahiya, (Safad [liwa]]), med eit folketal på 96 hushaldningar, alle muslimar. Han betalte skattar av «spesiell avling» kalla «dulab harir», geiter, bikubar og ei presse for anten oliven eller druer.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 190

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870-åra, og noterte seg 800 innbyggjarar, halvparten kristne og halvparten drusarar.Guérin, 1880, s. 453 I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) han som «ein landsby, bygd av stein, av godt materiale, med eit gresk kapell og kring 600 kristne og 500 drusarar; han ligg på ei slette, med store olivenlundar, hagar og vindruer, fem kjelder renn nær landsbyen og han har fleire cisterner.»Conder og Kitchener, 1881, s. 204

Det britiske mandatet-tida Han var ein av dei største landsbyane i Galilea under Det osmanske riket. I 1923 vart Rameh den første landsbyen i Palestina som fekk sjølvstyrestatus av Det britiske mandatet og hadde dei største olivenlundane i området. Han fekk løyve til å styre seg sjølv som ein landsbykommune.Survey of Palestina Palestinamandatet. Vol. 1, s.132.

I folketeljinga i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Al Rameh i alt 847 innbyggjarar, 28 muslimar, 624 kristne og 195 drusarar.Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Akko, s. 36 Dette hadde auka i 1931 til 254 hus med i alt 1142 innbyggjarar. Av desse var 70 muslimar, 746 kristne og 326 drusarar.Mills, 1932, s. 102.

I 1945 hadde Er Rama eit folketal på 1 690, alle arabarar, med 24 516 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 41 Av dette var 8 310 dekar var plantasjar og irrigert land, 3 078 nytta for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 81 medan 56 dekar vart utbygd land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 131

Etter 1948 Landsbyen vart erobra av Haganah-styrkar i 1948 og vart ein del av Israel. Han fekk lokal kommunestatus i 1954.

Demografi I dag er 51 % av innbyggjarane i Rameh kristne, 29 % er drusarar og 20 % er muslimar.

Sjå òg Arabiske stader i Israel

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rameh» frå , den 1. februar 2015. oppgav desse kjeldene: Amos, Edna (2011): Er-Rama Final Report Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 123

Cinamon, Gilad (2009): Er-Rama Final Report Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 121

Bakgrunnsstoff Velkomen til al-Rama

Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Drusarstader i Israel Kategori:Arabiske kristne busetnader i Israel Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel