Wollert Konow () var ein norsk politikar (V, FrV), brukseigar og Noregs statsminister i 1910-1912. Han var fast representant for Venstre på Stortinget frå 1880, der han markerte seg som ein del av den radikale fløya av venstremennene på tinget. Han sat i første omgang fast på Stortinget i tre periodar fram til 1889, og stod sentralt i striden om statsrådane sin møterett på Stortinget, den såkalla Statsrådssaka. Han vart seinare ein sentral kritikar av Sverdrup-regjeringa, som han og andre radikale venstremenn syntest var altfor moderat. Ved Stortingsvalet i 1888 var han ein av dei radikale venstremennene som vart «hogd ned» av dei moderate i Venstre og mista stortingsplassen.
Han kom attende som stortingsrepresentant i 1898, men vart permittert frå 1899 grunna dårlege økonomiske tilhøve ved møllebruket sitt på Stend. Med åra fekk han eit meir konservativt politisk syn, og var usamd med Venstre i mellom anna sosiale reformer og konsesjonslovene. Han var med på skipinga av Frisinna Venstre i 1909, og vart vald inn som stortingsrepresentant for partiet i 1910. Frisinna Venstre og Høgre gjorde eit godt val, og danna ei samarbeidsregjering med Konow som statsminister. Regjeringa var frå starten mislikt i Høgre-kretsar, og då Konow under ein tale til Bondeungdomslaget i 1912 omtala målsaka i positive vendingar, trekte Høgre-statsrådane seg frå regjeringa. Konow forsøkte fyrst å rekonstruere regjeringa, men måtte til slutt gå av.
Konow var ordførar i heimkommunen Fana i ei årrekkje, og arbeidde mykje for å betre samferdsla både i kommune og fylke. Han var også med på skipinga av Bergens Glasværk i 1875 og Fana Sparebank i 1878.
Livssoge Barne- og ungdomsår Wollert Konow vart fødd i 1845 på Stend hovudgard i Fana som tredje sonen til Wollert Konow (1809-1881) og kona hans, Marie Oehlenschläger Konow. Mora var dotter av den kjende danske diktaren Adam Gottlob Oehlenschläger, medan faren kom frå ein opphavleg tysk familie som hadde slått seg ned som handelsmenn i Bergen på 1700-talet. Faren var, likeeins som sonen, ordførar i Fana og stortingsmann. mini|200px|Stend hovudgard i 2009. Ei tid etter at den då 15 år gamle Konow hadde byrja på Bergens katedralskole i 1861, vart familien nøydd til å selje Stend hovudgard fordi utgiftene ved gardsdrifta vart for store. Garden vart selt på auksjon til amtstinget som tok garden i bruk som jordbruksskule. Faren heldt likevel unna eit jordstykke på 25 dekar, møllebruket sitt og vass- og fallretten frå Stendavatnet. Familien hadde slekt i Bergen som tok seg av Konow, slik at han sjølv ikkje leid noka naud grunna dei økonomiske vanskane til faren. Ved katedralskolen kom han i kontakt med målsaka, og jamvel om han ikkje offentleg uttrykte noko sterk støtte for målsaka i tida på katedralskolen, var han tidleg ute med å tinge bladet Dølen og melde seg også inn i Vestmannalaget når laget vart skipa. Konow vart trass i dette ikkje målmann i vaksen alder.
I 1861 reiste Konow til Kristiania og tok til med jusstudiar. Men etter eit opphald i Danmark vart han gripen av den folkeopplysningstanken som grundtvigianismen hadde vekka. I 1864 avbraut han jusstudiane og starta ein folkehøgskule på Halsnøy kloster i Sunnhordland.«Wollert Konow» i Salmonsens konversationsleksikon. (Andre utgåve) XIV: Kirkeskov—Kvadratrix. (1923). København: J. H. Schultz Forlagsboghandel. Skulen vart starta med hjelp frå den seinare stortingsmannen Nils Juel, som var bonde på Halsnøy. Skulen var den fyrste folkehøgskulen som vart skipa på Vestlandet. Få elevar møtte opp når skuleåret tok til på hausten, og neste haust var talet på elevar enda lågare. Konow freista ei stund å be om statsstøtte, men slo etterkvart dette frå seg.
Det var på denne tida Konow vart kjend med Bjørnstjerne Bjørnson. Trass i aldersskilnaden fann dei straks at dei delte mange politiske oppfatningar, både når det galdt folkehøgskulen og unionsspørsmåla. Denne vennskapen kom til å vare heilt fram til diktarens død i 1910. Konow hadde sett opp til Bjørnson heilt frå barndomen av, og vennskapen dei i mellom kom til å bety mykje for han seinare i livet. Dei skreiv jamt og trutt til kvarandre, og utveksla ofte synspunkt i politiske stridssaker.Garvik (2001), s. 56-57.
I 1872 flytta Konow skulen til Mossige på Jæren. Der hadde han fått lovnader om høgare elevtal og betre økonomiske tilhøve. Om lag 30 elevar møtte opp når skulen tok til i september same året. Skulen måtte likevel leggjast ned etter berre eitt år - Faren trong hjelp på møllebruket, og Konow flytta attende til Stend.
Attende til Stend Når Konow vende attende til Stend var tidene i møllebransjen monaleg gode. Han gjekk snøgt til verks for å effektivisere møllebruket, og sende ein søknad til kommunen om løyve til å grave ut ein kanal for å sikre vassforsyninga. Det tok ikkje lang tid før produksjonskapasiteten auka, og i 1875 var i alt 15 mann i arbeid på mølla. Med åra kom han også til å utvide garden med eit hundre måls jord. I 1875 gifte Konow seg med Fredrikke Wilhelmine «Frigga» Kooter, som var dotter av ein bankbokhaldar.«Wollert Konow» av Leiv Mjeldheim i Norsk Biografisk Leksikon.
Då faren døydde nokre år seinare, flytta mora attende til København, medan Konow og Frigga tok over eigedomen på Stend. Konow engasjerte seg frå fyrste stund i lokalmiljøet, og hadde allereie i 1875 vore med på å skipe Bergens Glasværk. I 1878 var han med på å skipe Fana sparebank, og sat som styreformann samanhengande i 28 år frå skipinga og fram til 1905. Frå 1877 var han varamann til Stortinget for Søndre Bergenhus, og frå 1878 medlem av heradsstyret. Like før jula 1879 vart han vald til ordførar i Fana. Han var ordførar i bygda fram til 1901, med unntak av to avbrot. Konow kombinerte lenge dette vervet med arbeidet på Stortinget. Han vart likevel ein populær ordførar, og i hans tid som ordførar var Fana prega av ein vekstperiode. I 1933 fekk han følgjande omtale av bygdehistorikaren Hermod Hjellestad: «Ingen einskild mann har gjort så mykje for bygdi som Konow».Garvik (2001), s. 70. Som ordførar arbeidde Konow mykje med samferdsel, og gjorde mellom anna mykje for å realisere Nesttun-Osbanen som vart opna i 1894.
Stortingskarriere Varamann på Stortinget I januar 1879 fekk Konow brev med melding om å møte på Stortinget heile våren. Ein representant hadde seld garden sin, og sidan lova sa at ein måtte eige jord for å ha møterett på Stortinget, måtte Konow møte i hans stad. Konow byrja snart å like seg på Stortinget, og utfalda seg som talar på Stortinget. Han vart ein del av gruppa av venstremenn som var knytte til folkehøgskuletradisjonen og kravde norsk sjølvstende, jamvel om dei på det tidspunktet meinte at dette kunne oppnåast innanfor unionen.Garvik (2001), s. 81.
Stortingsrepresentant 1880-1882 mini|Konow på 1880-talet Året på Stortinget gav meirsmak, og Konow fekk etterkvart ambisjonar om å kome inn med fast plass på Stortinget. Venstre var i medvind ved Stortingsvalet i 1879, og han vart vald inn frå Søndre Bergenhus amt med god margin.
Konow vart straks ein markant og viktig del av venstregruppa på Stortinget. Det viktigaste for han og resten av opposisjonen var på dette tidspunktet statsrådssaka: Striden som dreidde seg om regjeringsmedlemmane skulle møte i Stortinget. I denne striden var han ein av dei radikale stortingsrepresentantane som samla seg om Johan Sverdrup sin leiarskap. Konow hadde eit dårleg forhold til Oskar II grunna kongen sin motvilje til å sanksjonere lova om møteretten til statsrådane, og ein av dei fyrste tinga han gjorde som stortingsmann, var å fremja eit lovforslag om mildare dom for majestetsfornærming, men trekte det attende etter oppmoding frå stortingsfleirtalet, som syntest at forslaget var for drastisk. Konow gjekk likevel ikkje inn for å redusere kongens apanasje då dette kom opp i 1882. Han var rett nok samd i at kongen fekk for mykje i høve til dei tronge tidene, men meinte at eit slikt initiativ måtte kome frå kongen og regjeringa sjølve.
Stortingsrepresentant 1883-1885 Konow hadde i løpet av tida på Stortinget fått ein stadig sterkare posisjon som stortingsmann. Under valkampen og før det endelege nominasjonsmøtet kritiserte likevel den konservative pressa han for å ha eit distansert forhold til kristendommen, og høgrefolk åtvara om at hans «Politik vil lede til Omstyrtelse af Stat og Kirke».Garvik (2001), s. 114. Etterverknadene av kritikken førte til at han måtte nøye seg med å verte den femte og siste stortingsmannen som representere Søndre Bergenhus amt. På landsbasis hadde Venstre derimot auka oppslutninga, og oppnådde reint fleirtal på Stortinget.
Då Konow reiste til hovudstaden i januar 1883 var det semje mellom venstremennene om at ein måtte organisere den breie venstreopposisjonen som ei fast gruppe i Stortinget. 30. januar 1883 vart Stortingets Venstreforening skipa, og året etter vart Norges Venstreforening skipa. Konow spelte ikkje noka hovudrolle når partiet vart stifta, men var aktiv i kulissane. Dette medførte at han sat i landsstyret alt frå 1884 og i fem år framover. mini|300px|Riksretten i 1884. Teikning av Lorentz Norberg I juni 1880 hadde Stortinget vedtatt ein ny grunnlovsparagraf om statsrådane sin møterett, etter at kong Oscar for fjerde gong nekta å godta stortingsvedtaket om møteretten. Dette gjorde ein jamvel om Det juridiske fakultet hadde fastslått at kongen hadde absolutt veto i grunnlovssaker. Men den konservative regjeringa kunngjorde ikkje vedtaket. Venstre planlagde derfor å stille regjeringa for riksrett, men for å få til dette måtte samansetninga av Stortinget vere i Venstre sin favør. Partiet ønskte derfor høyre kva folket meinte gjennom val. Fyrst etter at Stortingsvalet i 1883 førte til framgang for Venstre, kunne ein altså røyste om å reise riksrett mot regjeringa.
Riksretten som følgde i 1883-1884 medførte at statsminister Christian August Selmer vart domfelt for å ha brote pliktene sine som statsminister og regjeringsmedlem. Alle høgsterettsdommarane røysta for frifinning, men sidan lagtingsmennene utgjorde fleirtalet i riksretten vart dei dømde uansett. Selmer og regjeringa nekta fyrst å gå av, men måtte fråtre når det vart gjord kongeleg resolusjon om avskil 11. mars.
Parlamentarismen hadde enno ikkje vorte eit politisk prinsipp, og Kong Oskar II ønskte ikkje å be ein venstremann om å danne regjering. Han forsøkte i det lengste å få skipa til ei høgreregjering. I juni gav han endeleg opp og bad Johan Sverdrup om å skipe ei ny regjering. Konow og fleire andre venstremenn vart skuffa når det viste seg at fleire av statsrådane som vart utnemnde av Sverdrup hadde eit fjernt tilhøve til partiet. Enda verre vart det når det viste seg at ingen frå den radikale delen av Venstre vart med i regjeringa. Konow hadde sjølv vore ein aktuell kandidat til å innta ein regjeringsposisjon, men kom altså ikkje med. Grunnen til at ingen av dei radikale venstremennene kom i regjering, skuldast at Oscar II nekta Sverdrup å ta med nokre av dei mest aktive radikale venstremennene i regjering. mini|Fedraheimen feirar Venstre si maktovertaking. «Fremst skrid no Norig mellom Nordlandi, no er me kanskje det friaste Folk i Verdi» erklærer avisa. Usemjene mellom stortingsrepresentantane var til tider store. Heilt frå regjeringsskipinga hadde statsrådane krangla om utnemninga av embetsmenn, og fleire av dei statsrådane som ikkje var utprega venstremenn nekta å gå inn for venstremenn når høgrefolk med lengre ansiennitet var tilgjengelege. Trass i dette var samhaldet framleis sterkt når typiske venstresaker vart lagt fram for Stortinget.
Stortingsrepresentant 1886-1888