Jeffrey «Jeff» Lynne () er ein engelsk låtskrivar, komponist, arrangør, songar, multi-instrumentalist og plateprodusent som var mest kjend som leiar og det einaste faste medlemmet i Electric Light Orchestra. Han var seinare med på å danne supergruppa Traveling Wilburys i lag med George Harrison, Bob Dylan, Roy Orbison og Tom Petty.

Lynne har produsert plater for artistar som the Beatles, Paul McCartney, Ringo Starr, Brian Wilson, Randy Newman, Roy Orbison, Dave Edmunds, Del Shannon og Tom Petty. Han har skrive songar i lag med Petty og Harrison. Lynne var medprodusent på Cloud Nine (1987) og Brainwashed (2002) av Harrison. Av dei mange songane han har skrive finn ein mellom andre hittar som «Livin' Thing», «Evil Woman», «Turn to Stone», «Do Ya», «Strange Magic», «Sweet Talkin' Woman», «Telephone Line», «Mr. Blue Sky», «Hold on Tight», «Don't Bring Me Down», «This Is Love», «I Won't Back Down», «Free Fallin'», «Handle with Care» og «End of the Line».

I 2008 vart Lynne i The Washington Times kåra til den fjerde største plateprodusenten i musikkhistoria. I 2014 fekk han ei stjerne på Birmingham Walk of Stars i heimbyen.

Musikkarriere

Tidleg liv Lynne voks opp i Shard End i Birmingham i England, der han gjekk på Alderlea Boys' Secondary School. Den første gitaren hans, eit akustisk instrument, fekk han av faren for £2. Han spelte framleis på denne gitaren i 2012. I 1963 danna ha ei gruppe i lag med Robert Reader og David Walsh med berre spanske gitarar og billige elektriske instrument. Dei heitte opphavleg «The Rockin' Hellcats» før dei endra namn til «The Handicaps» og til slutt «The Andicaps». Dei øvde i Shard End Community Centre og heldt konsert kvar veke. I 1964 slutta Robert Reader og David Walsh i bandet og Lynne henta inn erstatningar. I slutten av 1964 valde Lynne å slutte i bandet for å erstatte Mick Adkins i det lokale bandet «The Chads».

Kring 1965, fekk han tak i det første studioopptaksutstyret sitt, ein Bang & Olufsen 'Beocord 2000 De Luxe' stereo spolebandopptakar, som gjorde at han kunne ta opp fleire spor mellom venstre og høgre kanalar. Han sa «dette lærte meg korleis ein skulle produsere». I 1966 vart Lynne med i The Nightriders som gitarist. Bandet endra etter kort tid namn til the Idle Race, eit namn dei visstnok fekk av bestemora hans, Evelyn Lynne, som mislikte popmusikk og meinte det ikkje var ein skikkelig jobb. Trass i at dei spelte inn to kritikarroste album, fekk dei ikkje særleg med suksess. I 1970 tok Lynne i mot eit tilbod frå venen Roy Wood om å bli med i det meir suksessrike bandet the Move.

1970–86: The Electric Light Orchestra

mini|Jeff Lynn med ELO i Oslo 27. april 1978

Lynne skreiv mange songar til dei to siste albuma av the Move, medan han i lag med Roy Wood og Bev Bevan pønska ut eit band som skulle blande rock og klassisk musikk. Den opphavlege ideen var at det nye prosjektet skulle eksistere samstundes med The Move. Dette prosjektet vart etter kvart det særs populære Electric Light Orchestra (ELO). Problem førte til at Wood slutta i 1972, etter at bandet hadde gjeve ut debutalbumet sitt. Lynne vart dermed den skapande krafta i bandet. Bandet skifta ofte besetning og vart stadig meir populære. ELO 2 kom i 1972, On the Third Day i 1973, Eldorado i 1974 og Face the Music i 1974. Med A New World Record i 1976 hadde Lynne nesten utvikla røtene av gruppe til ein meir kompleks og unik poprockstil blanda med studiostrykarar, lag på lag med vokal, og tette, fengande popsignlar. Lynne var dominerte den kreative sida av bandet og var produsent, låtskrivar, arrangør, songar og gitarist, slik at ELO minna meir om eit soloprosjekt. Men stilen til ELO og fokuset til Lynne var òg forma av Louis Clark og Richard Tandy som var med å arrangere songane, trommespelinga til Bev Bevan og dei elektroniske klaverinstrumenta til Richard Tandy.

Høgdepunktet i karrieren til ELO var det særs populære dobbeltalbumet Out of the Blue frå 1977, som stort sett vart laga i ei sveitisk hytte i løpet av ein to vekersperiode. På verdsturneen til bandet i 1978 var scenen forma som eit romskip og det vart nytta laserer som ein del av lysshowet. For å gjenskape dei komplekse instrumentale lydbileta frå albuma på scenen, nytta bandet opptak for å supplere livemusikken. Sjølv om dette er ganske vanleg i dag, skapte det store oppstand i musikkpressa på den tida. Lynne har ofte sagt at han føretrekkjer det kreative miljøet i studio føre det slitsame turnélivet. I 1979 følgde Lynne opp suksessen med Out of the Blue med Discovery, som låg på toppen av den britiske albumlista i fem veker. Albumet er hovudsakleg kjend for dei discoaktige singlane («Shine a Little Love» og «Last Train to London») og ordspelet i tittelen med «disco» og «very».

I 1979 avslo Lynne ein invitasjon om å la ELO stå øvst på plakaten ved Knebworth i Storbritannia, og Led Zeppelin tok i staden over. Sidan det ikkje vart turnet etter Discovery, fekk Lynne tid til å skrive fem songar for filmen Xanadu. Tre av songane frå filmen enda opp som hitsinglar: «I'm Alive» (20. plass i Storbritannia), «All Over The World» (11. plass i Storbritannia) og tittelsporet «Xanadu», som nådde toppen av singellista i Storbritannia. I 2007 vart det laga sceneversjon av musikalfilmen, og dei fleste songane frå filmen vart teken i bruk, i tillegg til to andre ELO-songar: «Strange Magic» og «Evil Woman».

1980-åra I 1981 tok Lynne bandet i ei noko anna retning med science-fiction-albumet Time, som låg på toppen av albumlista i Storbritannia i to veker. Det var framleis med strykarar, men dei vart spelte på synthesizerar. Etter ein forholdsvis suksessrik turné, heldt Lynne fram i same stilen med Secret Messages i 1983, og eit siste ELO-album for å oppfylle kontraktsvilkåra, Balance of Power i 1986. ELO hadde på denne tida berre tre gjenverande offisielle medlemmar (Lynne, Bevan og Tandy), og Lynne byrja å bruke meir av tida si på å produsere andre artistar. I denne tida med Electric Light Orchestra, gav Lynne òg ut nokre innspelingar under sitt eige namn. I 1976 spelte Lynne the Beatles-songane «With a Little Help from My Friends» og «Nowhere Man» for All This and World War II. I 1977 gav Lynne ut den første solosingelen sin, den disco-aktige «Doin' That Crazy Thing»/«Goin' Down to Rio». Trass i at ELO var særs populære på denne tida, vart singelen lite spelt på radio og gjekk ikkje inn på salslistene.

I 1984 medverka Lynne og Richard Tandy med to originale songar, «Video!» og «Let It Run» for filmen Electric Dreams. Lynne skreiv òg songen «The Story of Me», som vart spelt inn av Everly Brothers for comebackalbumet deira EB84. Sjølv før ELO offisielt var over, byrja Lynne å fokusere meir på studioarbeid og produksjon. Lynne produserte og skreiv «Slipping Away» for Dave Edmunds i 1983 og spelte på innspelingar (med Richard Tandy) for Edmunds-albumet Information. Lynne produserte òg seks songar på oppfølgjaralbumet til Edmunds i 1984, Riff Raff. I motsetnad til den tette, barokke stilen til ELO, var produksjonen til Lynne etter ELO meir minimal med akustiske instrument og ein enkel «organisk» kvalitet.

Det er tydeleg at Lynne var påverka av the Beatles gjennom musikken til ELO, og sambandet til the Beatles vart styrkt då Lynne produserte George Harrison-albumet Cloud Nine. Dette vart eit suksessrikt comebackalbum for Harrison i 1987 med dei populære singlane «Got My Mind Set on You», «When We Was Fab» (der Lynne spelte fiolin i videoen) og «This Is Love», som var skriven i lag med Lynne. Lynne fortsette å arbeide med Harrison då begge i 1988 var med på å starte Traveling Wilburys, ei supergruppe som òg bestod av Tom Petty, Bob Dylan og Roy Orbison. Gruppa gav ut to album (Vol. 1 og Vol. 3), begge produsert av Harrison og Lynne. I 1988 arbeidde Lynne òg med Orbison-albumet Mystery Girl, og var medlåtskrivar og produserte den siste store hitten til Orbison, «You Got It», i tillegg til to andre songar på albumet. For Rock On!, det siste Del Shannon-albumet, skreiv Lynne «Walk Away» og gjorde ferdig fleire songar etter Shannon døydde.

I 1989 var Lynne medprodusent på Full Moon Fever av Tom Petty, som inneheldt hitsinglane «Free Fallin'», «I Won't Back Down» og «Runnin' Down a Dream», alle skrivne i lag med Lynne. Dette albumet og Traveling Wilburys Vol. 1 vart begge nominerte til Grammy-prisen for årets album i 1989. Traveling Wilburys vann ein Grammy for beste rockegruppe det året. Lynne-songen «One Way Love» vart gjeven ut som singel av Agnetha Faltskog og kom ut på det andre albumet hennar etter ABBA, Eyes of a Woman. Lynne var medlåtskrivar og produsent på songen «Let It Shine» for Beach Boys-medlem Brian Wilson sitt første soloalbum i 1988. Lynne skreiv òg tre songar til eit album av Duane Eddy og «Falling in Love» på Land of Dreams for Randy Newman.

1990-åra I 1990 samarbeidde Lynne med Wilburys for oppfølgjaren Traveling Wilburys Vol. 3 og kort tid etter gav han ut det første soloalbumet sitt, Armchair Theatre, med venene George Harrison og Richard Tandy. Det inneheldt singlane «Every Little Thing» og «Lift Me Up». Albumet fekk noko positive kritikk, men selde dårleg. Lynne skreiv òg songen «Wild Times» til filmen Robin Hood: Prince of Thieves i 1991. I 1991 gjekk Lynne i studio att med Petty, og var medlåtskrivar og produsent på albumet Into the Great Wide Open for Tom Petty and the Heartbreakers, med singlane «Learning to Fly» og «Into the Great Wide Open». Året etter produserte han det posthume Roy Orbison-albumet King of Hearts, med singelen «I Drove All Night».

I februar 1994 oppfylte Lynne ein livslang draum då han arbeidde med dei tre gjenlevande Beatles-medlemmane på albumserien Anthology. George Harrison ønskte å ha med Lynne for å revaluere dei originale innspelingane til John Lennon. Songane «Free as a Bird» og «Real Love» vart skapt med å digitalt handsama demoane til Lennon, medan dei andre medlemmane spelte inn ny musikk over desse. Lynne produserte òg plater for Ringo Starr og arbeidde på det Grammy-nominerte Paul McCartney-albumet Flaming Pie.

I 1990-åra dreiv Lynne òg med produksjon for Julianna Raye på albumet Something Peculiar og album av Roger McGuinn (Back from Rio) og Joe Cocker (Night Calls), songar av Aerosmith («Lizard Love»), Tom Jones («Lift Me Up»), Bonnie Tyler («Time Mends a Broken Heart»), filmen Still Crazy, Hank Marvin («Wonderful Land» og «Nivram»), Et Moi («Drole De Vie») og Tandy Morgan Band («Action»). I 1996 vart Lynne offisielt anerkjend av sine likemenn då han fekk Ivor Novello-prisen for «eineståande bidrag til britisk musikk» for andre gongen.

2000-åra I 2000-åra fekk Lynne namnet ELO attende frå turnégruppa til Bevan, ELO Part II, etter at Bevan valde å pensjonere seg og selje halvparten av rettane til namnet ELO til Lynne. Lynne gav ut eit nytt album i 2001 under namnet ELO kalla Zoom. Albumet har med gjestemusikarar som Ringo Starr, George Harrison og den første ELO-klaverspelaren Richard Tandy, med Lynne på dei fleste andre instrument og vokal. Albumet fekk god kritikk, men selde dårleg. Trass i at det hadde lite med lydlandskapet på ELO-albuma frå 1970-åra, vart det marknadsført som «attende til den klassiske ELO-stilen» i eit forsøk på få attende den lojale fansen og få i gang ein planlagt konsertturné. Ein konsert i CBS Television City vart filma og synt på PBS (og sidan gjeve ut på DVD), men sjølve turnéen vart kansellert.