Johan Kjølstad () er ein norsk langrennsløpar frå Ekne i Levanger som spesialserte seg på dei såkalla sprint-øvingane. I par med Ola Vigen Hattestad vann han VM-gull på team-sprinten under Ski-VM 2009 i Liberec, og tok sølv i sprinttevlinga bak same Hattestad.
Aktiv Kjølstad tok sin fyrste av to verdscupsigrar i Nove Mesto den 16. januar 2005, eit sprintrenn i fristil. Den andre triumfen kom då han vann klassisk-sprinten i Kuusamo den 1. desember 2007. Kjølstad har til saman seks pallplasseringar i verdscup-sprintar og fire i lag-sprintar. Han deltok på sprinten både under Vinter-OL 2006 og Vinter-OL 2010, der han vart høvesvis nummer sju og nummer ni.
I åra frå 2006 til 2011 vann Kjølstad fire medaljar i sprintøvinga under noregsmeisterskapane; gull i 2010, sølv i 2006 og 2009, samt bronse i 2011. Desse sesongane sikra han seg elles to NM-gull i 3x10 km stafett med Skogn Idrettslag og tre NM-titlar i team-sprint.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2005: Ski-NM 2006: Sølvmedalje i sprint på Kongsberg Ski-NM 2007: Nr 5 på 50 km i Nybygda Ski-NM 2008: Ski-NM 2009: Ski-NM 2010: Gullmedalje i sprint i Stokke Ski-NM 2011: Bronsemedalje i sprint i Steinkjer Ski-NM 2012: Ski-NM 2013: Ski-NM 2014: Ski-NM 2015:
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Johan Kjølstad» frå , den 20. februar 2015.
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2009 Kategori:Folk frå Levanger