Prazon (hebraisk פְּרָזוֹן) er ein moshav i Ta'anakh-området nord i Israel i Gilboa regionale kommune.

Han vart grunnlagd i 1953 av emigrantar til Israel frå Kurdistan som den andre busetnaden i Ta'anakh-området etter Avital.

Namnet «Prazon» («landsbyane») er teken frå eit kapittel 5 vers 7 i Domarane: «Landsbyane låg aude i Israel, dei låg aude, før eg, Debora, stod fram, stod fram som ei mor i Israel.» Historia som er skildra i Domarane fann stad i denne regionen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Prazon» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1953 Kategori:1953 i Israel