Maoisme, eller marxismen-leninismen Mao Tse Tung si tenking, er ein politisk ideologi.
Namnet er etter den kinesiske politikaren Mao Zedong, (1893-1976). Han leidde ein bonderevolusjon under kommunistisk leiing i Kina, og proklamerte i 1949 Folkerepublikken Kina, der han sjølv vart president. Etter at Deng Xiaoping byrja å reformera Folkerepublikken Kina i 1978 har Mao Zedong sine tankar hatt mindre å seia. Trass i dette er maoismen offisiell ideologi for det kinesiske kommunistpartiet.
Maoismen byggjer på det som blir kalla marxismen-leninismen, det vil seie tankar frå Karl Marx, Vladimir Lenin og Josef Stalin. Det nye er satsinga på bøndene som massebasis for revolusjonen. I den strategiske teorien er hovudvekta på stendig ny aktivisering av massane, av di klassekampen held fram under sosialismen. Maoismen set krav om handling i tilspissa form. Dette set krav til disiplinen, teoretisk utforma som demokratisk sentralisme: Handlingsfridom på lægre nivå, hard disiplin andsynes avvik frå hovudlina.
Under den såkalla Kulturrevolusjonen, som Mao sette i gang og leidde, vart mange menneske mishandla og drepne, og undertrykkinga av vitskap, kunnskap, sjølvstendig tenking, kultur og minoritetar særleg sterk. Persondyrkinga av Mao nådde nye høgder.
Grunna dei særlege kinesiske tilhøva; digert land og lite industri, har maoismen spela lita rolle elles i verda. I Noreg kom maoismen mellom anna til å påverka ein del av norskdomsrørsla. Maoismen i Noreg byrja sist på 1960-talet som ei radikalisering i Sosialistisk Folkeparti sin dåverande ungdomsorganisasjon, Sosialistisk Ungdomsfylking (SUF), og voks etterkvart til partiet AKP(ml). AKP hadde ei dominerande rolle i RV. Maoistane i Noreg vart aldri mange, men spela ei relativt stor rolle i kulturlivet og som opposisjon i fagrørsla.
Sjå òg Naxalittar Nepals kommunistiske parti (maoistisk)
Kjelder
Bakgrunnsstoff E. Snow: Rød stjerne over Kina. Mao Zedong: Verk i utval, 1963-77.
Kategori:Politiske ideologiar Kategori:Kommunisme Kategori:Kinesisk historie