In Dreams: The Greatest Hits er ei dobbelplate med songar av Roy Orbison, gjeve ut i 1987 på Virgin Records. Det vart produsert av Orbison og Mike Utley, utanom songen «In Dreams», som var produsert av Orbison med T Bone Burnett og filmregissøren David Lynch. Alle songane var nye innspelingar av Orbison frå 1985, utanom «In Dreams», som vart spelt inn i april 1987.
Ein song, «Uptown», vart spelt inn av Robert Gordon som ei rein hyllest til Orbison. «Leah» på albumet er spelt inn av Bertie Higgins. Originalversjonane frå 1960-åra av desse songane var hitsongar for Orbison, då dei vart spelt inn på Monument Records frå 1960-64, med to unntak. Det første unntaket er «Ooby Dooby», som var ein hit for Orbison på Sun Records i 1956. «Claudette», det andre unntaket, var ein song Orbison skreiv for The Everly Brothers i 1958. Orbison sjølv spelte ikkje «Claudette» før i 1965 for MGM Records, ironisk nok eit par månader etter han hadde skild seg frå kona Claudette, som var inspirasjon for songen.
Albumet inneheld fire songar som av Rolling Stone sette på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.
Innhald
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «In Dreams: The Greatest Hits» frå , den 5. mars 2015. oppgav desse kjeldene: http://www.discographyguide.com/royorbison/royorbison-discography1020.html
Kategori:Samlealbum frå 1987 Kategori:Album produserte av Michael Utley Kategori:Album produserte av T-Bone Burnett Kategori:Roy Orbison-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Album produserte av Roy Orbison Kategori:Album produserte av David Lynch