Shtula (hebraisk שְׁתוּלָה, tyder Planta) er ein moshav nord i Israel. Han ligg i Øvre Galilea nær den libanesiske grensa og høyrer til Ma'ale Yosef regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 238.

Moshaven vart grunnlagd i 1967 av moshavinnbyggjarar frå Galilea som ein del av Operasjon Sof Sof, som skulle forsterke det jødiske nærværet i Galilea. Namnet er symbolsk og har ei liknande tyding som den nærliggande Netu'a.

Landsbyen vart åstad for Zar'it-Shtula-hendinga i Libanonkrigen i 2006, der Hizbollah kidnappa to israelske soldatar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Shtula» frå , den 7. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1967 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1967 i Israel