Netiv HaShayara (, tyder 'Konvoivegen') er ein moshav nord i Israel. Han ligg nær Nahariya, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2005 hadde han eit folketal på kring 400.

Landsbyen vart grunnlagd i 1950 av immigrantar frå Iran og Irak, på landområdet til den avfolka palestinske landsbyen Al-Ghabisiyya. Han vart opphavleg kalla Doveh, men vart seinare kalla opp etter Yehiam-konvoien, som prøvde å bryte inn i den kringsette Yehiam under den arabisk-israelske krigen 1948.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Netiv HaShayara» frå , den 8. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Iransk diaspora i Israel Kategori:Irakisk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1950 i Israel