«Don't Come Around Here No More» er ein song skriven av Tom Petty frå Tom Petty and the Heartbreakers og David A. Stewart frå Eurythmics. Han vart gjeven ut i februar 1985 som den første singelen frå albumet Southern Accents.

Bakgrunn og låtskriving Den originale inspirasjonen til songen var eit romantisk møte som Stewart hadde med Stevie Nicks frå Fleetwood Mac.Don't Come Around Here No More Songfacts På The Howard Stern Show forklarte Dave Stewart at tittelen faktisk vart sagt slik av Nicks. Ho hadde gjort det slutt med Eagles-gitaristen Joe Walsh kvelden før,Conversations With Tom Petty, 2005 og inviterte Stewart heim til seg på fest etter ein tidleg Eurythmics-konsert i Los Angeles. Stewart visste ikkje kven ho var på den tida, men gjekk likevel. Då festdeltakarane alle forsvann inn på badet for å ta kokain, valde han å gå og legge seg. Han vakna klokka fem om morgonen av at Nicks var på rommet hans og prøvde ut viktorianske klede og skildra det heile som noko som likna på Alice i Eventyrland. Seinare den morgonen fortalte ho Walsh, «Don't come around here no more».

Musikkvideoe Musikkvideoen har Alice i Eventyrland som tema og vart regissert av Jeff Stein.

Medverkande

The Heartbreakers Tom Petty - solovokal, piano Mike Campbell - gitar, bass-synthesizer Benmont Tench - strykarar på synthesizer Stan Lynch - trommer, perkusjon Howie Epstein - bassgitar, vokal

Andre medverkande Stevie Nicks - korvokal David A. Stewart - elektrisk sitar, synthesizer, vokal Dean Garcia - bassgitar i introen Daniel Rothmuller - cello Marilyn Martin - korvokal Stephanie Sprull - korvokal Sharon Celani - korvokal Alan «Bugs» Weidel - villhund-piano

Lister Liste (1985)PlasseringKanadiske Top 100 Singlar (RPM)Top Singles - Volume 42, No. 11, May 25 1985. collectionscanada.gc.ca. Henta 12. mars 2015.20UK Singles Chart50US Album Rock Tracks (Billboard)2

Andre versjonar Susanna frå Susanna and the Magical Orchestra song ein lågmeldt versjon av songen i 2008 på albumet Flower of Evil. Den britiske indie-popartisten Diana Vickers song òg inn songen. Bob Rivers laga ein parodi av songen.Don't Bum Around Here no More

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Don't Come Around Here No More» frå , den 12. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Tom Petty-songar Kategori:Songar frå 1985 Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Songar skrivne av Tom Petty Kategori:Songar skrivne av David A. Stewart Kategori:Songar produserte av Jimmy Iovine