Ein al-Asad (arabisk عين الأسد, , begge tyder «løvekjelda») er ein drusarlandsby nord i Israel. Han ligg nær Maghar i Galilea, og høyrer til Merom HaGalil regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 806.
Historie Samfunnet vart grunnlagd i 1899 av drusarar frå Beit Jann, og vart kalla opp etter ei vasskjelde utafor landsbyen.The spring of Ibadiyeh, according to Palmer, 1881, p. 61
I ei folketeljing i 1922 hadde Ain al-Asad 48 innbyggjarar: 1 kristen og 47 drusarar,Barron, 1923, Table XI, Sub-district of Acre, p. 36 og folketalet auka i 1931 til 81, framleis éin kristen, men no 80 drusarar, i totalt 18 hus.Mills, 1932, p. 100
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ein el-Asad» frå , den 16. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Velkomen til 'Ayn al-'Asad
Kategori:Arabiske landsbyar i Israel Kategori:Drusarstader i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1899 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1899 i Det osmanske riket