mini|Bokken Lasson i ei rolle på Fahlstrøms teater i 1909
Caroline Lasson, kjend under kallenamnet Bokken Lasson, () var ein norsk songar og skodespelar frå Oslo. Ho var dotter til regjeringsadvokaten, og yngre syster til Per Lasson og Oda Krohg.
Bokken Lasson debuterte i Kristiania som konsertsongar i 1894. Ho deltok jamt i operetter ved Centralteatret og Fahlstrøms Theater, også desse i den norske hovudstaden. Sidan drog ho på turnear utanlands, vitja både Tyskland, Frankrike, England og USA. Ho framførte då helst norske folkesongar medan ho sjølv spelte lutt.
I 1912 grunnla ho revyteatret Chat Noir i Oslo, der ho var direktør til 1917. Mellom 1931 og 1940 gav ho ut tre reportasje- og memoarbøker.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bokken Lasson» frå , den 1. april 2015.
Kategori:Norske songarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Kristianiabohemen