Synnøve Anker Aurdal () var ein norsk tekstilkunstnar, kjend som ein fornyar av kunstforma. Ho var både fødd og døydde i Oslo.

Synnøve Anker utdanna seg på 1930-talet ved Prestgards vevskule på Lillehammer, og deretter ved Statens Kvinnelige Industriskole i Oslo. Ho heldt si fyrste utstilling hos Kunstnerforbundet i Oslo. Gjennom bruk av ulike materialar og teknikkar fornya ho tekstilhandverket, mellom anna tok ho i bruk modernistiske former. Mellom hennar fremste verk er Høyseteteppet frå 1961, eit bestillingsarbeid til Håkonshallen. Eit kjent verk frå seinare tid er Rommet og ordene frå 1977, det er utstilt i det islandske nasjonalbiblioteket i Reykjavik.

Frå 1983 hadde Aurdal årleg kunstnarløn frå den norske staten. Ho fekk Norsk Kulturråds ærespris i 1991. Ho var elles riddar av St. Olav, og mottok Prins Eugen-medaljen.

Ho var fyrst gift med målaren Leon Aurdal, seinare med Ludvig Eikaas.

Kjelder

Kategori:Norske tekstilkunstnarar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Vinnarar av Norsk kulturråds ærespris