Georg Johan Jacobsen () var ein norsk politikar frå Bergen. Han vart vald inn på Stortinget frå Hordaland og for Arbeidarpartiet i 1973, og vart attvald i 1977.

Jakobsen var son til ein målarsvein. Sjølv var han sjømann frå 1948 til -50, og deretter ekspeditør ved Leiebilkontoret i heimbyen fram til 1962. Dei neste seks åra var han abonnementssjef i Bergens Arbeiderblad, til han i 1968 fekk arbeid i Bergen kommune.

Periodane 1960-63 og 1968-71 var Jacobsen medlem av Bergen bystyre, den siste fireårsbolken også med sete formannskapet.

Jacobsen fekk plass på Stortinget etter valet hausten 1973, og vart plassert i Sjøfarts- og fiskerikomitéen. Med knapp margin sikra han seg ein ny periode for Arbeidarpartiet på Hordalandsbenken ved stortingsvalet 1977, han vart då medlem i Kommunal- og miljøvernkomitéen.

Kjelder Stortinget.no: biografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap