Praktspett (Melanerpes pulcher) er ein liten til mellomstor hakkespett som lever i eit avgrensa område i sentrale, nordlege Colombia.

Skildring Praktspetten har kroppslengd på 17 til 18 centimeter. Som artsnamnet ymtar om er fjørdrakta fargerik, denne arten har kvit rygg og overgump, svarte venger med blåleg glans og svart stjert, eit svart band frå auga bak til skuldrene. Undersida er kvit med svarte tverrstriper, men nederst har han ein raud flekk midt på buken. Hals og brystområdet er i lyst gult. Panna er kvit, krona er kolsvart hos hoer, raud hos hannar, nakken flammeraud med gult nederst hos begge kjønn. Hoer er elles litt mindre enn hannar og har litt kortare nebb. Ein trur begge kjønn kan tromme, dei har eit høgt knirkande læte i tre tonar, men kan òg gje triller.

Leveområdet for praktspetten er skogshabitat mellom 400 og 1500 moh. Utbreiingsområdet er Magdalena-dalen. Dei er standfuglar.

Dietten er variert, dei plukkar insekt, biller og larver, termittar og liknande smådyr, men et òg fiken, bananar og andre frukter. Dei kan snappe insekt i flukt.

Populasjonen har ukjent storleik, men er trudd å vere stabil.

Kjelder del Hoyo, J., Collar, N. & Christie, D.A. (2014). Beautiful Woodpecker (Melanerpes pulcher) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 19. april 2015 BirdLife International (2015) Species factsheet: Melanerpes pulcher . Henta frå http://www.birdlife.org den 19. april 2015 Referansar

Bakgrunnsstoff Bilete av hofugl, foto av Félix Uribe, Flickr

Kategori:Spettefamilien Kategori:Fuglar endemiske for Colombia