mini|Eddy Ottoz til høgre, i trening i Brescia saman med den franske konkurrenten Guy Drut.
Eddy Ottoz () er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Mandelieu-la-Napoule i Alpes-Maritimes i Frankrike. Han vart europameister på 110 meter hekk i 1966 og 1969, i 1968 tok han OL-bronse i same øvinga.
Aktiv Ottoz sette italiensk rekord med 13,8 sekundar då han vart nummer fire i OL-finalen på 110 m hekk under sommarleikane 1964 i Tokyo. To år seinare var han stor favoritt på korthekken då EM i friidrett 1966 fann stad i Budapest, og innfridde med å vinne på tida 13,7, tre tidels sekund føre dei andre medaljevinnarane.
I tynnlufta i Mexico-byen sette alle dei beste hekkeløparane nye personlege rekordar då OL-finalen 1968 vart avvikla. Willie Davenport frå USA vann løpet og vart på elektroniske ur klokka inn til 13,33, Eddy Ottoz tok bronsemedaljen på den italienske rekordtida 13,46, offisielt 13,4.
Ottoz forsvarte EM-tittelen på korthekken under friidretts-EM 1969 i Aten. Vinnartida 13,5 var ny meisterskapsrekord. Han la deretter opp.
Sonen Laurent Ottoz var også hekkeløpar, og forbetra i 1994 den 26 år gamle landsrekorden til faren frå 13,46 til 13,42 sekundar.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1964 i Tokyo: Nr 4 – 13,8 EM 1966 i Budapest: Gullmedalje – 13,7, framom Hinrich John (14,0) OL 1968 i Mexico-byen: Bronsemedalje – 13,46 EM 1969 i Aten: Gullmedalje – 13,5, framom David Hemery (13,7)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eddy Ottoz» frå , den 25. april 2015.
World Athletics
Kategori:Italienske hekkeløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Italia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Italia Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968