Udmurtia er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Izjevsk, arealet er 42 100 km² og innbyggjartalet er 1 493 356 (2021). Området vart oppretta i 1920 som eit autonomt område for udmurtane, eit finsk-ugrisk folkeslag.
Udmurtia ligg vest for Uralfjella mellom elvane Kama og Vjatka. Landskapet er bylgjande sletteland, høgste punktet er om lag 330 meter over havet.
Folkesetnad Dei største byane er hovudstaden Izjevsk, (627 700 ibuarar), Sarapul (101 400), Votkinsk (99 020) og Glazov (95 850)."Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
I 2010 var den etniske samansetjinga i Udmurtia: 60,0 % russarar 27,0 % udmurtar 6,5 % tatarar
Komponisten Pjotr Tsjajkovskij vart fødd i det som i dag er Udmurtia. Den kjende våpensmeden Mikhail Kalasjnikov har budd her sidan 1949.
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Russiske føderasjonssubjekt Kategori:Republikkar i Russland