Mr. Wonderful er det andre studioalbumet til det britiske bluesrockbandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1968. Som debutalbumet består albumet utelukkande av blues, men vart spelt inn på ein annan måte. Albumet vart spelt inn live i studio med mikrofonar på forsterkarane og PA-systemet, i staden for at instrumenta var plugga inn i miksepulten. Dei hadde òg med seg ei blåserekkje og Christine Perfect frå Chicken Shack spelte klaverinstrument. Ho gifta seg seinare med bassisten i bandet, John McVie, og vart fast medlem av bandet. Albumet vart ikkje gjeve ut i USA, men kring halvparten av songane kom med på albumet English Rose.
Ein utvida versjon av Mr. Wonderful var med i plateboksen The Complete Blue Horizon Sessions.
Mottaking I motsetnad til den store suksessen debutalbumet Fleetwood Mac var, fekk dette albumet middels kritikk og selde dårlegare: Allmusic skildra det som «skuffande». Fire av songane, «Dust My Broom», «Doctor Brown», «Need Your Love Tonight» og «Coming Home» byrjar alle med det same Elmore James-riffet.Fours songs, one opening riff
Sputnik Music skildra stilen som vokalmessig konservativ, med barske manerar, og det høyres ofte ut som Green vandrar gjennom musikken som ein full mann. Den dårlege produksjonen gjer det heile verre, og både vokalen og instrumenta høyrest grumsete ut. Sputnik Music Review
Innhald
Medverkande Fleetwood Mac Peter Green – vokal, gitar, munnspel Jeremy Spencer – vokal, slidegitar John McVie – bassgitar Mick Fleetwood – trommer
Andre medverkande Christine Perfect – klaverinstrument, piano, vokal Duster Bennett – munnspel Steve Gregory – altsaksofon Dave Howard – altsaksofon Johnny Almond – tenorsaksofon Roland Vaughan – tenorsaksofon
Produksjon Produsent: Mike Vernon Lydteknikar: Mike Ross Koordinering: Richard Vernon Plateomslag: Terence Ibbott Fotografi: Terence Ibbott
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mr. Wonderful (Fleetwood Mac album)» frå , den 6. mai 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Fleetwood Mac-album Kategori:Musikkalbum frå 1968 Kategori:Album produserte av Mike Vernon Kategori:Engelskspråklege album