Ralf Bartels () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Stavenhagen i Mecklenburg-Vorpommern som tevla i kulestøyt. Han vart europameister under EM i friidrett 2006 i Göteborg og tok sølvmedaljen i europameisterskapen 2010. I tillegg vann han to VM-bronsar og ein EM-bronse.

Aktiv Bartels innleia i 2002 ei fem år lang sigersrekke i kulestøyt i tyske friidrttsmeisterskap. Same sesongen vann han bronsemedaljen i øvinga under EM i friidrett 2002 i München. Året etter vart han nummer fem i VM 2003 i Paris/Saint-Denis, medan han vart åttandeman under Sommar-OL 2004 i Aten.

Den 29. mai 2005 i Schloss Engers forbetra han sin personlege rekord til 21,36 meter. Seinare i sesongen sikra han seg bronsemedaljen då kula under VM 2005 i Helsinki landa på 20,99 m. Toppforma heldt til neste sesong; ved europameisterskapen i Göteborg oppnådde han 21,13 m i siste forsøk og tok gullmedaljen etter å ha slått kviterussiske Andrej Mikhnevitsj med to cm.

Han vart så nummer sju under VM 2007 i Ōsaka. Sommarleikane 2008 i Beijing gjekk utan ein skadd Bartels. Under verdsmeisterskapen 2009 på tysk heimebane i Berlin lukkast han ta ein ny VM-medalje i bronse. I tredje omgangen forbetra han sin personlege rekord med ein centimeter til 21,37 m, einast verdsmeisteren Christian Cantwell frå USA og polske Tomasz Majewski sende kula lengre.

Under europameisterskapen 2010 i Barcelona tok Bartels sølvmedaljen med eit støyt på 20,93 m. Våren 2011 vann han EM innandørs i Paris med gode 21,16 m, men under VM i friidrett i Daegu enda han på tiandeplassen. Bartels makta ikkje kvalifisere seg til OL-finalen i London i 2012.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2001 i Edmonton: Utslått i kvalifiseringa (19,41 m -nr 17) EM 2002 i München: Bronsemedalje – 20,58 m VM i 2003 i Paris: Nr 5 – 20,50 m OL 2004 i Aten: Nr 8 – 20,26 m VM 2005 i Helsinki: Bronsemedalje – 20,99 m EM 2006 i Göteborg: Gullmedalje – 21,13 m, framom Andrej Mikhnevitsj (21,11 m) VM 2007 i Osaka: Nr 7 – 20,45 m VM 2009 i Berlin: Bronsemedalje – 21,37 m EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje – 20,93, bakom Tomasz Majewski (21,00 m) VM 2011 i Daegu: Nr 10 – 20,14 m OL 2012 i London: Utslått i kvalifiseringa (20,00 m = nr 16)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ralf Bartels» frå , den 1. juni 2015.

World Athletics

Kategori:Tyske kulestøytarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2002 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2003 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011