Sitrusslekta (Citrus) er ei planteslekt i rutefamilien som særleg er kjend for sine mange sitrusfrukter. Medan ho stammar frå tropisk Asia, blir plantar frå slekta no dyrka i ei rekkje varme land.
Slekta omfattar buskar og mindre tre. Blada er oftast heile, lêraktige, skinande grøne og sit på ein ofte venga bladstilk. Blomane er kvite eller raudlege, velluktande og har mange pollenberarar som sit i grupper. Frukta er eit saftig bær med tjukt skal, mange rom («båtar») og ofte mange frø. Plantane har mange oljekjertlar i blad, bork og fruktskal.
Dyrkinga av sitrusartar er mange tusen år gammal, og det har derfor vore svært vanskeleg å utreia avstamninga for dei dyrka formene.
mini|Appelsintre med frukt mini|Grapefrukt
Artar
Sitrusslekta har ei rekkje medlemmer, mange av dei hybridar mellom ulike typar. Nokre av det ein reknar som ublanda artar, er:
Citrus crenatifolia, frå Sri Lanka Citrus mangshanensis, frå Hunan i Kina Citrus maxima – pomelo, frå Malayarkipelet Citrus medica – sukatsitron, frå Sør-Asia Citrus reticulata – mandarin, frå Kina Citrus trifoliata, frå Korea og tilstøytande område i Kina (ofte skild ut som Poncirus) «Australian limes» frå Australia og Ny-Guinea Citrus australasica Citrus australis Citrus glauca Citrus garrawayae Citrus gracilis Citrus inodora Citrus warburgiana Citrus wintersii Clymenia sp. Citrus japonica, kumquat, frå Aust-Asia (av og til skild ut til 4–5 Fortunella-artar) Papedas Citrus halimii frå Thailand og Malayahalvøya Citrus indica frå Sør-Asia Citrus macroptera frå Indokina og Melanesia Citrus latipes frå Assam, Meghalaya, Burma
Kjelder
«Citrus» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 13. juli 2015.
Denne artikkelen bygger på «Sitrusslekta» frå , den 23. juli 2015.
Bakgrunnsstoff
kategori:rutefamilien kategori:planteslekter