1997 (MCMXCVII) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen.

Hendingar

Utlandet 9. januar: Eit Comair Embraer 120 styrta under innflyging på flyplassen i Detroit. 29 menneske døydde. 26. mars: Kultsjølvmord i sekta Heaven's Gate i San Diego i USA. 1. mai: Det britiske partiet Labour vann sitt første val på 18 år. 2. mai: Tony Blair blei statsminister i Storbritannia. 1. juli: Hong Kong gjekk over frå Storbritannia til Kina. 3. desember: 122 statar skreiv under Ottawa-avtalen mot bruk av landminer. 15. desember: 85 menneske døydde i flystyrt ved Sharja i Dei sameinte arabiske emirata. 26. desember: Sterkt jordskjelv i Assisi i Italia.

Noreg Stortingsval 18. januar: Børge Ousland blei den første som kryssa Antarktis åleine utan hjelp utanfrå. 21. februar-2. mars: Verdsmeisterskapen på ski i nordiske greiner vart arrangert i Trondheim. 29. juni-12. juli: Europeameisterskapen i fotball for kvinner vart arrangert i Noreg og Sverige. 17. oktober: Kjell Magne Bondevik vart ny statsminister som leiar for ein regjeringskoalisasjon beståande av Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre. 22. desember: Værøy vart ramma av eit jordskjelv (3,3 på Richters skala).

Fødde

12. juli: Malala Yousafzai, pakistansk aktivist 16. desember: Zara Larsson, svensk songar

Døde

1. januar: Townes Van Zandt, USA-amerikansk musikar 9. januar: Edward Osobka-Morawski, polsk statsminister 12. januar: Ragna Breda, norsk skodespelar 19. februar: Deng Xiaoping, kinesisk statsleiar 27. mars: Birger Hatlebakk, norsk næringsdrivar 5. april: Allen Ginsberg, USA-amerikansk diktar 26. juli: Gunnvor Advocaat, norsk målar 16. august: Nusrat Fateh Ali Khan, pakistansk songar 31. august: Diana, prinsesse av Wales, britisk jetsettar 5. september: Mor Teresa, albansk helgenkåra nonne 7. september: Mobutu Sese Seko, statsleiar i Kongo 17. september: Jan P. Syse, norsk statsminister 13. oktober: John Denver, USA-amerikansk songar 24. desember: Toshiro Mifune, japansk skodespelar