Nina Jakovlevna Dumbadze () var ein diskoskastar som vart europameister i øvinga i 1946 og 1950. Ho representerte Sovjetunionen.

Aktiv Dumbadze vart fødd i Odessa av georgiske foreldre, og voks opp i Tbilisi. Frå 1946 til 1952 dominerte ho diskoskast for kvinner, med sigrar i dei internasjonale meisterskapane i 1946 og 1950, medan ho i 1952 vart nummer tre i øvinga under sommarleikane i Helsinki.

I OL-sesongen 1948 kasta Dumbadze diskosen 53,25 meter og sletta dermed Gisela Mauermayer sin tolv år gamle verdsrekord. Ho var ikkje med i London-OL, då Sovjetunionen ikkje deltok i leikane. Tre år seinare forbetra ho rekorden til 53,37 m. I august 1952 tok Nina Romasjkova over som verdsrekordhaldar med 53,61 m. Ein månad etterpå tok Dumbadze tilbake rekorden då ho oppnådde heile 57,04 m, ein rekord som stod til 1960, då Tamara Press auka den med elleve centimeter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1946 i Oslo: Gullmedalje - 44,52 m, framom Ans Niesink (40,46 m) EM 1950 i Brussel: Gullmedalje - 48,03 m, framom Rimma Sjumskaja (45,79 m) OL 1952 i Helsinki: Bronsemedalje - 46,29 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nina Dumbadze» frå , den 7. august 2015.

World Athletics

Kategori:Sovjetiske diskoskastarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952