Raphael Marcel Holzdeppe () er ein tysk friidrettsutøvar, fødd i Kaiserslautern, som tevlar i stavhopp. Han vann gullmedaljen i øvinga under VM i friidrett 2013 i Moskva og tok sølvmedaljen i VM 2015.
Aktiv Holzdeppe vart nummer tre i stavhopp ved EM i friidrett 2012 i Helsinki. Vel ein månad seinare fekk han ein ny bronsemedalje under dei olympiske leikane i London.
I 2013 vart Holzdeppe verdsmeister i stavhopp med 5,89 meter, ei høgde han klarte i fyrste forsøk. Renaud Lavillenie som nådde same høgda trong tre forsøk. 26. juli 2015 presterte han livsbeste 5,94 meter då han vart tysk meister i Nürnberg. Fire veker seinare, i finalen i VM i friidrett 2015 i Beijing, gjekk Holzdeppe over 5,90 m, nett som kanadiaren Shawnacy Barber. Men sidan Barber smaug seg over lista i sitt fyrste forsøk på høgda, vann han gullmedaljen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2008 i Beijing: Nr 7 – 5,60 m EM 2010 i Barcelona: Nr 9 – 5,60 m VM 2011 i Daegu: Utslått i kvalifiseringa (5,50 m =nr 20) EM 2012 i Helsinki: Bronsemedalje – 5,77 m OL 2012 i London: Bronsemedalje – 5,91 m VM 2013 i Moskva: Gullmedalje – 5,89 m, framom Renaud Lavillenie (5,89 m) VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 5,90 m, bakom Shawnacy Barber (5,90 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i kvalifiseringa (5,45 m =nr 26) VM 2017 i London: Nr 10 EM 2018 i Berlin: - VM 2019 i Doha: Nr 6 – 5,70 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Raphael Holzdeppe» frå , den 30. august 2015.
World Athletics
Kategori:Tyske stavhopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016