Kfar Yavetz (hebraisk skrift כְּפַר יַעֲבֵץ, tyder 'Yavetz-landsbyen') er ein religiøs moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta nær Tayibe og høyrer til Lev HaSharon regionale kommune. I 2006 hadde han 494 innbyggjarar.

Landsbyen vart grunnlagd den 10. april 1932 som ein kibbutz. Han vart kalla opp etter rabbi Ze'ev Yavetz, som var med å grunnlegjje Mizrachi-rørsla.religiøs sionisme

Kibbutzen vart øydelagd i den arabisk-israelske krigen i 1948. Innbyggjarane slo seg ned på ny i Geulei Teiman og landsbyen vart bygd opp på ny som ein moshav i 1951.

Kfar Yavetz ligg i hjartet av Trekanten, nær Wadi Ara-hovudvegen.

Den 7. juli 2003 vart Mazal Afari, ein 65 år gammal innbyggjar i Kfar Yavetz, drepen i heimen sin av sjølvmordsbombar frå Islamsk Jihad. Terroristen gjekk inn i huset hennar og detonerte bomba som han bar i ein bag.Jihad claims suicide bombing at Kfar Yavetz , Jerusalem Post. Tre av barnebarna hennar vart skadde i åtaket.Terrorism against Israel Huset vart øydelagd i eksplosjonen.Militants link suicide blast to prisoners, Chicago Tribune

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kfar Yabetz» frå , den 3. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Tidlegare kibbutzar Kategori:Religiøse israelske samfunn Kategori:Busetnader grunnlagde i 1932 Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:1932 i Palestina