Kfar Chabad (hebraisk skrift כְּפַר חַבָּ"ד, tyder 'Chabad-landsbyen') er ein Chabad-Lubavitch-landsby sentralt i Israel. Han ligg mellom Beit Dagan og Lod og høyrer til Loddalen regionale kommune. I 2009 hadde han eit folketal på 4 900.
Historie Kfar Chabad vart grunnlagd i 1949 av Yosef Yitzchok Schneersohn. Chabad.org Calendar Dei førte innbyggjarane var hovudsakleg nye immigrantar frå Sovjetunionen, overlevande frå andre verdskrigen og undertrykkinga til Stalin. Staden var opphavleg ein palestinsk landsby kalla Al-Safiriyya, som vart avfolka etter krigen i 1948.W. Khalidi, 1992, All that remains, s.253 Så seint som i 1957 vart han på hebraisk kalla Tzafrir.
«Jewish Observer» skreiv: «Det er fleire merkverdige aspekt ved denne Aliyah. Chabad-medlemmane nekta å motta hjelp frå religiøse og politiske organisasjonar. Dei insisterte på å gå til landområdet. Dei tilpassa seg sjølv moderne jordbruksmetodar ... For dei var det eit poeng å ære det å leve slik dei hadde blitt lært. Dette betydde å leve berre av det dei sjølv tente ved hjelp av sitt eige harde arbeid.»Jewish Observer and Midtausten Review (3. juli 1959)
Kfar Chabad, som ligg utafor Lod og kring 8 km søraust for Tel Aviv, omfattar jordbruksområde i tillegg til mange utdanningsinstitusjonar.
Terroråtak ved synagogen I 1956 gjekk fedayeen-terroristar inn i ein synagoge under kveldsbøna og byrja å skyte rundt seg. Fem barn og ein lærar mista livet, medan ti andre blei skadde.Yediot Acharonot an Israeli daily, Sunday, May 5, 1957 (engelsk translation)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kfar Chabad» frå , den 3. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Chabad-samfunn Kategori:Ortodokse jødiske samfunn Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Religiøse israelske samfunn Kategori:Landsbyar i Israel Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel