Dalsnuten er eit fjell i Sandnes kommune i Rogaland. Det ligg austom Gandsfjorden ovanfor Dale. Fjellet har ei høgd på 323 meter over havet. Dalsnuten er eit populært turmål i Sandnes og ein av dei mest vitja toppane i kommunen. I 2009 starta Sandnes idrettslag eit motbakkeløp; Dalsnuten 323, som har målgang ved varden på toppen av Dalsnuten. Frå parkeringsplassen på Gramstad finst det turløype til Dalsnuten. I samband med 150-årsjubileet til Sandnes fekk kommunen ein kikkert frå kommunane Klepp, Time, Hå, Gjesdal og Randaberg. Denne blei plassert på Dalsnuten.

Galleri

Kjelder

www.sandnes.kommune TUROMRÅDE 1 - Hana-Dalsnuten Kikkerten har fått plass på Dalsnuten

Denne artikkelen bygger på «Dalsnuten» frå , den 8. september 2015.

Bakgrunnsstoff

Topptur til Dalsnuten ved UT.no Dalsnuten ved ryfri.no

Kategori:Fjell i Sandnes