Giv'ot Bar (hebraisk skrift גִּבְעוֹת בַּר, tyder Kornhøgdene) er ein fellesbusetnad nord i Negevørkenen sør i Israel. Han ligg sør for Rahat og høyrer til Bnei Shimon regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 93.
Landsbyen vart grunnlagd i 2004. I starten var det problem med å få land frå beduinane som budde i området, men i 2004 vart campingbilar flytta inn på staden. Landsbyen fekk namn på grunn av kveitesiloane i området og at han ligg i eit åslendt terreng.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Giv'ot Bar» frå , den 8. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 2004 Kategori:2004 i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel