Sufa (hebraisk סוּפָה, tyder Storm) er ein kibbutz i Hevel Shalom-området nordvest i Negev og ein grenseovergang mellom Israel og Gazastripa.
Kibbutzen Kibbutzen ligg i Eshkol regionale kommune. I 2006 hadde han 241 innbyggjarar. Han vart grunnlagd i 1982 av tidlegare innbyggjarar i Sufa, ei israelsk busetjing på Sinai som vart evakuert som eit ledd i den egyptisk-israelske fredsavtalen. Namnet kjem frå kraftige sandstormar som pleidde å råke den opphavlege busetnaden. Nord for kibbutzen, der Nirim låg frå 1946 til 1949, ligg minnesmerke «Dangur», til minne om dei åtte falne soldatane i det egyptiske åtaket på Nirim.
Grenseovergangen Sufa grenseovergang var tidlegare open for palestinarar som arbeidde på israelske gardar. Under den andre Intifadaen vart grenseovergangen og militærbasen like ved utsett for fleire palestinske åtak, og overgangen har i periodar vore stengd. I oktober 2007 vart overgangen lukka, og Kerem Shalom var den einaste vegen over grensa. I november, trass motstand i IDF, som meinte det var vanskelegare å vakte over denne overgangen enn Kerem Shalom, valde viseforsvarsministeren Matan Vilnai å opne opp att overgangen. Han har sidan blitt nytta til å transporte humanitær hjelp til Gazastripa.
I mai 2008 vart overgangen igjen lukka etter eit bombekastaråtak som skadde ein israelsk soldat. Eit par dagar seinare protesterte tusenvis av palestinarar mot den israelske blokaden. Seks personar skal ha blitt skadde av IDF under demonstrasjonen. 1. juni protesterte kring førti israelske bønder ved overgangen i eit forsøk på å stoppa transporten av varer til Gazastripa trass i pågåande Qassam-rakett-åtak.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sufa i Israel» frå , den 9. september 2015.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1982 Kategori:1982 i Israel Kategori:Grensa mellom Israel og Gazastripa Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel