Talmei Eliyahu (hebraisk skrift תַּלְמֵי אֵלִיָּהוּ, tyder Eliyahu-furene) er ein moshav sør i Israel. Han ligg i Hevel Eshkol-området nordvest i Negevørkenen og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2006 hadde han 186 innbyggjarar.

Moshaven vart grunnlagd i 1970 av immigrantar frå Frankrike og kalla opp etter Eliyahu Krauze, ein tidlegare leiar for Mikveh Israel jordbruksskule. Han vart grunnlagd som ein felles-moshav og vart ein arbeidarmoshav i 1974.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Talmei Eliyahu» frå , den 9. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1970 Kategori:1970 i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel