Qasr al-Sir (arabisk skrift قصر السر; hebraisk skrift קסר א-סיר, tyder 'Mysteriefestninga') er ein beduinlandsby i Negevørkenen sør i Israel. Han høyrer tilNeve Midbar regionale kommune.
Qasr al-Sir ligg nord i Negevørkenen, berre 3 km vest for Dimona.
I desember 2011 hadde Qasr al-Sir 1 090 innbyggjarar.Population by settlement Statistisk sentralbyrå
Historie Før opprettinga av Israel var Negev-beduinane eit delvis nomadisk samfunn som hadde vore gjennom ein prosess for å bli bufaste sidan osmansk styre i regionen. Dei fleste forskarane er samde i at beduinane kom til Negev kring 1800, men det er spor etter dei tidlegare òg.
Under Det britiske mandatet gav ikkje styresmaktene eit lovverk til å avgjere og bevare kven som eigde landområda. For å få orden på dette vart landpolitikken til Israel i stor grad tilpassa dei osmanske landreguleringane frå 1858 som det føregåande lovverket. Dermed nasjonaliserte Israel det meste av Negev ved hjelp av statlege landreguleringar frå 1969.
Israel heldt fram linja for å få fast bustad for Negev-beduinane, som dei osmanske styresmaktene tvinga på dei, og det omfatta først regulering og flytting. I 1950-åra flytta Israel to tredjedelar av Negev-beduinane til eit område som var under krigsrett.
Det neste steget var å opprette sju kommunar spesielt for beduinane med betre levevilkår, skikkeleg infrastruktur og og gode offentelge tenester innan helse og utdanning. Men ikkje alle beduinane gjekk med på å flytte frå telta sine til leilegheitene og husa som staten hadde laga for dei. Kring 60% av beduinane i Israel bur i planlagde landsbyar som Ar'arat an-Naqab, medan resten bur i ulovlege heimar spredd over heile Nord-Negev.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Qasr al-Sir» frå , den 12. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Arabiske landsbyar i Israel Kategori:Neve Midbar regionale kommune Kategori:Busetnader grunnlagde i 2003 Kategori:2003 i Israel