Masu'ot Yitzhak (hebraisk skrift מְשּׂוּאוֹת יִצְחָק, tyder 'Yitzhaksvardane') er ein moshav shitufi sør i Israel. Han ligg nær Ashkelon i Shafir regionale kommune. Han var opphavleg ein kibbutz i Gush Etzion som vart øydelagd og avfolka i den arabisk-israelske krigen i 1948.The Streets of Jerusalem: Who, What, Why, Ronald L. Eisenberg Ein ny busetnad vart grunnlagd i 1949 på den noverande staden. I 2007 hadde Masu'ot Yitzhak eit folketal på 604.

Historie mini|venstre|Mas'uot Yitzhak, 1947

Kibbutzen Masu'ot Yitzhak vart grunnlagd i 1945 i Gush Etzion, halvvegs mellom Jerusalem og Hebron. Nybyggjarane var unge pionerar frå Ungarn, Tsjekkoslovakia og Tyskland som hadde kome her før andre verdskrigen. Kibbutzen vart kalla opp etter sjefsrabbien i Palestina, Yitzhak HaLevi Herzog.Masu'ot Yitzhak Homee.co.il

Nybyggjarane i Masu'ot Yitzhak tok utfordringa med å leve i Judeafjella, bygde heimar og planta frukthagar. I 1948 vart Gush Etzion erobra av den arabiske legionen. Innbyggjarane i Kfar Etzion vart massakrerte, og alle dei andre innbyggjarane i Gush Etzion, inkludert dei i Masu'ot Yitzhak, vart tekne til fange og sende til Jordan.

Etter dei kom attende frå fangenskapen i 1949, grunnla pionerane i Masu'ot Yitzhak ein ny moshav med same namn nær Shafir, ein region busett av filistrane i bibelsk tid. Profeten Mika talte om Shafir (Mika 1:11). Shafir hadde vore base for den sørlege fronten til det israelske forsvaret under sjølvstendekrigen til Israel. Moshaven var tilknytt Hapoel Hamizrachi. I følgje Walid Khalidi, vart han grunnlagd på land som høyrte til den palestinske landsbyen Al-Sawafir al-Gharbiyya.Khalidi, 1992, s. 133

Tzahali, eit militært førebuande opplegg for religiøse jenter, er basert i Masu'ot Yitzhak.Shooting Israel: Seeing Jerusalem through the lens of a camera, Haaretz

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Masu'ot Yitzhak» frå , den 13. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Memorial for Masu'ot Yitzhak in Gush Etzion

Kategori:Tsjekkisk diaspora i Israel Kategori:Tysk diaspora i Israel Kategori:Ungarsk diaspora i Israel Kategori:Slovakisk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1945 Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Tidlegare kibbutzar Kategori:Jødiske landsbyar avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel