Kfar HaRif (hebraisk skrift כְּפַר הָרִי"ף, tyder Rif-landsbyen) er ein moshav på grensa mellom Shfela og kystsletta sør i det sentrale Israel. Han er den største busetnaden i Yoav regionale kommune. Landsbyen ligg kring ein kilometer søraust for Masmiya-krysset og kring to kilometer nordaust for Kiryat Malakhi.

Aust for moshaven flyt elva HaRif, som landsbyen er kalla opp etter. I nærleiken ligg nokre brunnar.

Moshaven vart grunnlagd på slutten av 1956 av immigrantar til Israel frå Marokko. Seinare kom det fleire immigrantar frå mange land i Aust-Europa.

I dag bur det kring 200 familiar, eller 800 menneske, i landsbyen. Fleire av dei arbeider utafor landsbyen, medan andre framleis driv med jordbruk i nærområdet.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Marokkansk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1956 Kategori:1956 i Israel