Negohot (hebraisk skrift נגוהות) er ein fellesbusetnad og israelsk busetjing sør i Hebron-fjellet på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg på ein ås, 700 meter over havet, vest for Hebron-området, og er underlagt Har Hebron regionale kommune. Den nærmaste israelske staden er Shekef, ein moshav som ligg nokre kilometer over på den andre sida av Den grøne linja i Hevel Lakhish-området i Shephelah. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.
Landsbyen vart først grunnlagd i 1982 som ein militær pionerutpost for Nahal. I 1998 vart landsbyen gjeven over til soldatar som renoverte staden og som vart verande der med familiane sine då militærtenesta deira var over. I 2007 budde det 20 familiar på staden, inkludert 150 menneske.
Den 25. september 2003 kom ein palestinsk militant frå Islamsk Jihad seg inn i landsbyen og tok livet av to innbyggjarar, mellom anna eit sju månader gammalt jentebarn, medan familien heldt eit festmåltid.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Negohot» frå , den 15. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Religiøse israelske busetjingar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1998 Kategori:Nahal-busetnader