Muriel Hurtis () er ein fransk friidrettsutøvar frå Bondy som har tevla på sprindistansane. Ho vart europameister på 200 meter i 2002, og vann gullmedaljar på den korte stafetten under EM 2002 og VM 2003, samt på den lange stafetten under EM 2014. Hennar personlege rekordar er 10,96 på 100 m (2002), 22,31 på 200 m (1999) og 51,41 på 400 m (2010).
Aktiv Hurtis vart juniorverdsmeister på 200 meter i 1999. Same sesongen tok Frankrike, med Hurtis på laget, sølv i 4 x 100 meter stafett under friidretts-VM på ny fransk rekord, 42,06 sekundar, like bak Bahamas. To år seinare var ho med då Frankrike vann eit nytt VM-sølv den korte stafetten, då med tida 42,39.
I 2002 vann Hurtis 200 m i innandørs-EM. Sommarsesongen 2002 vart ho europameister på same distansen under friidretts-EM i München. Året etter fylgde ho opp med å vinne yndlingsdistansen og verte kåra til innandørs verdsmeister, etter at den raskaste i feltet, Michelle Collins frå USA, vart diskvalifisert for brot på dopingreglane.
På heimebane i VM 2003 i Paris tok Hurtis bronse på 200 meter med tida 22,59. Avslutningsdagen i meisterskapen vann ho gull i lag med Patricia Girard-Léno, Sylviane Félix og Christine Arron då det vart siger i 4 x 100 meter stafett, med knapp margin til USA.
Frå 2004 heldt ikkje Hurtis same høge nivå og makta såleis ikkje å hamle opp med dei aller beste på 200 m. Ho vart under Sommar-OL 2004 i Aten slått ut allereie i kvartfinalane. Men saman med Félix, Arron og Véronique Mang fekk ho bronse på den korte stafetten, bak Jamaica og Russland. Korkje i VM 2005 i Helsinki, VM 2007 i Osaka eller i OL 2008 i Beijing klarte ho å kvalifisere seg til ein finale.
Etter 2008 gjekk Hurtis over til helst å tevle på 400 meter. Her hadde ho størst suksess då ho sprang andreetappen for det franske gull-laget på 4 x 400 stafett då Zürich var vertsby for europemeisterskapen 2014. Dei andre gullvinnarane var Marie Gayot, Agnes Raharolahy og Floria Guei.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1999 i Sevilla: Sølvmedalje på 4 x 100 m stafett. Utslått i semifinalane på 200 m (22,52 =nr 9) OL 2000 i Sydney: Utslått i semifinalane (23,13 =nr 12) VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje på 4 x 100 m stafett EM 2002 i München: Gullmedalje på 200 m (22,43) og i 4 x 100 m stafett VM i 2003 i Paris: Bronsemedalje på 200 m (22,59) og gullmedalje i 4 x 100 m stafett OL 2004 i Aten: Bronsemedalje på 4 x 100 m stafett. Utslått i kvarfinalane på 200 m (23,33) EM 2006 i Göteborg: Utslått i semifinalane på 200 m (23,80 =nr 10) VM 2007 i Osaka: Utslått i kvartfinalane på 200 m (22,86) OL 2008 i Beijing: Utslått i semifinalane på 200 m (22,71 =nr 10) EM 2010 i Barcelona: Nr 8 på 400 m – 52,05 VM 2011 i Daegu: Utslått i kvalifiseringa på 4 x 400 m stafett EM 2012 i Helsinki: Nr 8 på 400 m – 54,50 OL 2012 i London: Nr 6 på 4 x 400 m stafett VM 2013 i Moskva: Nr 4 på 4 x 400 m stafett EM 2014 i Zürich: Gullmedalje på 4 x 400 m stafett
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Muriel Hurtis» frå , den 15. september 2015.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Franske sprintarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Frankrike Kategori:Europameistrar i friidrett for Frankrike Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012