Kokhav HaShahar (hebraisk skrift כּוֹכַב הַשַּׁחַר, òg skrive Kochav Shachar og Kochav HaShachar, tyder Morgonstjerne) er ei israelsk busetjing i Binyamin-regionen nord på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg på ein fjellkam oppom Jordandalen. Kokhav HaShahar er underlagt Matte Binyamin regionale kommune. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.
Busetjinga vart grunnlagd av ni unge par i 1979 der det hadde lege ein utpost for Det israelske forsvaret. I 2011 bur det nær 350 familiar, eller opp under 2000 innbyggjarar, her.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kokhav HaShahar» frå , den 15. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Religiøse israelske busetjingar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1979 Kategori:Mateh Binyamin regionale kommune