Yitav (hebraisk skrift יִיטַ"ב, ei forkorting for Yad Yitzhak Tabenkin, hebraisk skrift יד יצחק טבנקין, òg skrive Yeitav) er ei israelsk busetjing og moshav shitufi sør i Jordandalen på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg like nord for Jeriko og vest for den palestinske landsbyen al-Auja og høyrer til Bik'at HaYarden regionale kommune. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.

Han vart grunnlagd som ei Nahal-busetjing i 1970, og vart anerkjent av staten i 1977, og byrja å drive som ein kibbutz. Han vart kalla opp etter Yitzhak Tabenkin, ein av leiarane i den israelske kibbutzrørsla, men vart sidan endra til ein moshav shitufi (men framleis i Kibbutzrørsla). I 2006 hadde han 175 innbyggjarar.

Yitav naturreservat ligg 4 km vest for Yitav og dekkjer kløfta Nahal Yitav (Wadi al-Auja) med kjeldene som ligg her.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Yitav» frå , den 16. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Yitav on Bik'at HaYarden regionale kommune site .

Kategori:Moshavar Kategori:Tidlegare kibbutzar Kategori:Israelske busetjingar på Vestbreidda Kategori:Busetnader grunnlagde i 1970