Kjetil Stokke () er ein norsk sjakkspelar, Internasjonal Meister i sjakk (IM).

Internasjonal Meister i sjakk Kjetil Stokke vart IM etter sterke resultat i tre internasjonale turneringar. I Gausdal Classics i april 2007 tok han 5,5 poeng på 9 rundar. I Arctic Chess Challenge i Tromsø i august 2009 tok han også 5,5 poeng på 9 runder. Og i ei turnering i Barcelona i august 2012 tok han 7 poeng på 10 runder. Han hadde dermed oppfylt kravet om IM-resultat i turneringar med til saman minst 27 parti. Rating-kravet, kravet til eigen rating over 2400 hadde han oppfylt allereie pr. 1. juli 2010 med 2413.Søknaden om IM-tittel for Kjetil Stokke frå Norges Sjakkforbund Han vart deretter utnemnd til IM av Verdssjakkforbundet på FIDE-møtet i Jerevan, Armenia 18-20. januar 2013.

Kjetil Stokke vart junior-noregsmeister i sjakk i 2003.Brekke 2014 s. 303 Kjetil Stokke er medlem i Bergens Schakklub.

Kjelder Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014, Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Kjetil Stokke si spelarside hos FIDE Kjetil Stokke sine parti hos NorBase Kjetil Stokke sine sjakkparti hos Chessgames.com

Kategori:Norske sjakkspelarar Kategori:Internasjonale meistrar i sjakk Kategori:Junior-noregsmeistrar i sjakk