Tinghaug er det høgaste punktet på Låg-Jæren med ei høgd på 102 moh. Namnet viser til at haugen har vore nytta som tingstad. I området er det funne mange fornminne. Tinghaug ligg i Klepp kommune, like ved grensa til Time kommune. Stadnamn med gudenamnet Frøy finst det mange av nær ved, som til dømes Frøyland og Frøylandsvatnet.

mini|venstre|Folk på toppen av Tinghaug med utsyn over Jæren. Fotografi frå mellom 1947 og 1949. Ved Tinghaug finst det fleire gravhaugar: Krosshaug, Grønhaug og Dysjane. På sørvestsida av haugen har ein funne 16 såkalla gullgubbar, rituelle gullbrikker.

Tinghaug er den høgaste toppen på Tu. Frå toppen kan ein sjå ned til Bryne, Kleppe, havet og fjella. På Tinghaug er det òg tre små bunkerar som blei brukte under den 2. verdskrigen. Det er laga ein song om Tu som nemner «Tinghaug som eit utsiktspunkt».

Kjelder

Tinghaug, Krosshaug og Dysjanewww.olavsrosa.no

Bakgrunnsstoff Tinghaugrunden. Turforslag ved ut.no

Kategori:Geografi i Klepp Kategori:Historie i Klepp Kategori:Tingstader i Noreg