'Azzun 'Atma (arabisk عزون عتمة, hebraisk skrift עזון עתמה) er ein palestinsk landsby i Qalqilya guvernement aust på Vestbreidda, 5 kilometer søraust for Qalqilya. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde 'Azzun 'Atma eit folketal på kring 1 670 innbyggjarar i 2006.Projected Mid -Year Population for Qalqilya guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå. 3,9 % av folkesetnaden i 'Azzun 'Atma var flyktningar i 1997.Palestinian Population by Locality and Refugee Status Palestinsk statistisk sentralbyrå

Arkeologi Landsbyen er gammal og gamle steinar er nytta om att i husa. Moskeen er kanskje ei gammal kyrkje. Det er òg gjort funn av bysantinsk keramikk.Dauphin, 1998, s. 808

Historie Staden vart oppført i osmanske skattelister i 1596 som 'Azzun, i Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 29 hushaldningar og to ungkarar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 135.

Då den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1870 og skildra han som ein stor arabisk landsby, då fråflytta. Mange små, firkanta hus stod framleis delvis, og nær moskeen såg han gamle søyler og store steinar frå eldre bygningar. Gamle fikentre og vakre mimosa var spreidd mellom ruinane.Guérin, 1875, s. 143-144 I The Survey of Western Palestine (1882) vart han òg skildra som ein «landsby i ruinar».Conder og Kitchener, 1882, vol 2, s. 305

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Azzun Atma» frå , den 23. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Landsbyar på Vestbreidda Kategori:Qalqilya guvernement