Daniel Berg Hestad () er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Molde som spelte 21 sesongar for Molde Fotballklubb, og to (2003-05) for nederlandske SC Heerenveen. Gjennom alle desse sesongane på Molde; 1993-2003 og 2005-15 var han med å vinne fire noregsmeisterskap og tre seriemeisterskap. Hestad har spelt fleire toppseriekampar i Noreg enn nokon annan spelar og har klubbrekorden i talet på kampar for Molde, ein rekord han tok over etter far sin, Stein Olav Hestad. Landslagsspelarane Harry Hestad og Jan Berg er onklane hans.

Midtbanespelaren Hestad deltok i tida 1997-2005 i åtte landskampar for Noreg, utan å skåre mål og utan å etablere seg i landslagstroppen.

Han la opp vinteren 2016, etter at Molde FK rauk ut or Europa-ligaen.

Merittar Noregsmeister: 1994, 2005, 2013 og 2014 med Molde Seriemeister: 2011, 2012 og 2014 med Molde

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Daniel Berg Hestad» frå , den 26. september 2015.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Molde-spelarar Kategori:Folk frå Molde