Qatanna (arabisk قطنّه) er ein palestinsk by sentralt på Vestbreidda i Jerusalem guvernement, 12 kilometer nordvest for Jerusalem. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på kring 7 500 innbyggjarar i 2006.Projected Mid -Year Population for Jerusalem guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå.
Qatanna ligg 650 meter over havet. I nærleiken ligg Biddu i aust og Beit Liqya i nord.The effects of the israelske practices on the palestinske landsbyen Qatanna Applied Research Institute - Jerusalem. 22. juni 2006.
Historie Qatanna har vore busett sidan romersk og bysantinsk tid med fleire gamle vegar og mange gravholer.Nagorsky, 2008, Nahal Kefira, Survey
Osmansk tid Han vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og Qatanna stod oppført i osmanske skattelister i 1596 som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 12 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 113
I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen og estimerte at han hadde kring 250 innbyggjarar.Guérin, 1868, s. 283
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine staden som ein «liten landsby i ein djup, smal dal, med fine olivenlundar og grønsakshagar.»Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 17
Det britiske mandatet I folketeljinga i 1922 hadde Qatanneh 633 innbyggjarar, alle muslimarar.Barron, 1923, Table V||, Subdistrict of Jerusalem, s. 15 Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 til 875, framleis alle muslimar, i 233 hus. Mills, 1932, s. 42
I 1945 Qatanna eit folketal på 1 150, alle arabarar, med 9 464 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 58 Av dette var 1 829 mål var plantasjar og irrigert land, 1 603 nytta for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 104 medan 32 mål vart utbygd land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 154
Etter 1967 Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, vart mykje av landområdet til Qatanna erklært eit «ingenmannsland» som utgjorde ein del av den demilitariserte sonen mellom våpenkvilelinjene i israelsk og jordansk territorium. Etter 1995 vart 716 mål av landområdet til Qatanna overført til Den palestinske sjølvstyresmakta.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Qatanna» frå , den 29. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Velkomen til Qatanaa
Kategori:Jerusalem guvernement Kategori:Byar på Vestbreidda