King Talal-dammen er ein stor demning i åsane nord i Jordan, over Zarqaelva. Bygginga av King Talal-dammen starta i 1971 og stod ferdig i 1978 med ei høgd på 92,5 meter. Den opphavlege dammen kosta 46 millionar dollar. Rami G Khouri: The Jordan Valley - Life and Society below Sea Level, Longman, London and New York, 1981, s. 145. I 1984 byrja arbeidet med å heve dammen til 106 meter, for å møte det aukande vassbehovet i landet, og prosjektet stod ferdig i 1988. Dammen er kalla opp etter kong Talal av Jordan. Hovudføremålet med dammen er å lagre regnet som fell om vinteren og handsama avløpsvatn frå Amman og Zarqa i As Samra-verket for å vatne Jordandalen. Dammmen gjev vatn til eit kring 17 000 mål stort område og buskapen til 120 000 personar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «King Talal Dam» frå , den 2. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Jordansk geografi Kategori:Demningar i Jordan Kategori:Byggverk ferdigstilt i 1977 Kategori:Vasskraftverk i Jordan