Chicago III er det tredje studioalbumet til det amerikanske rockebandet Chicago, gjeve ut i 1971. Det var det tredje dobbeltalbumet til bandet på rad på mindre enn to år.
Produksjon Etter Chicago vart ein stor suksess verda over, var Chicago på turné det meste av 1970. Då dei skulle setje i gang å spele inn Chicago III i midten av året - som produsenten James William Guercio alt hadde avgjort skulle vere nok eit dobbeltalbum, var dei fysisk slitne.
Dei lange timane på vegen gav låtskrivarane i bandet, Robert Lamm, Terry Kath og James Pankow, mykje tankeføde og det førte til meir alvorlege tema i songane, i motsetnad til dei meir positive første to platene. Lamm skreiv om heimlengsel i «Travel Suite», medan Pankow klaga over industrien som vann over naturen i den instrumentale suiten «Elegy». Kath sin «An Hour In The Shower» omhandlar tankevekkande erfaringar frå reisene deira. Chicago III bar preg av eit band som hadde sett baksida av verda dei siste månadane.
Chicago III er òg kjend for den store variasjonen i musikken. Bandet nytta mindre blåserekkja, som dei var kjende for. Både «Sing A Mean Tune Kid» og «Free» er påverka av funk, «What Else Can I Say» og «Flight 602» har ei kjensle av country, medan ein finn abstrakt musikk i «Free Country» og «Progress?»
Albumet kom ut i januar 1971, først på Columbia Records, og var det første albumet deira som hadde romartal i tittelen. Det selde godt då det kom ut men få hitsinglar og den meir eksperimentelle musikken, gjorde òg at det ikkje heldt seg like bra hos massane som The Chicago Transit Authority og Chicago gjorde. «Free» nådde topp 20 i USA og Peter Cetera sin «Lowdown» nådde topp 40. Albumet nådde niandeplassen i Storbritannia, men oppnådde den høgaste plasseringa deira til no i USA med ein andreplass på albumlista.
Det følgde med ein plakat med albumet av bandet kledd i uniformer frå amerikanske krigar, føre ei mark med krossar, som representerte dei som hadde døydd i den då pågåande Vietnamkrigen.
I 2002 vart Chicago III remastra og gjeve ut på ein enkel CD av Rhino Records. Chicago III (Columbia 30110) nådde andreplassen i USA og låg inne på lista i 63 veker.
Innhald
Medverkande Peter Cetera – bassgitar, solo- & korvokal, pedalsteelgitar Terry Kath – elektrisk & akustisk gitarar, solo- & korvokal Robert Lamm – akustisk piano, Wurlitzer elektrisk piano, Hammondorgel, Hohner Pianet, solo- & korvokal, tack piano, vibrafon, celesta Lee Loughnane – trompet James Pankow – trombone, blåsararrangement Walter Parazaider – saksofonar, fløyte Danny Seraphine – trommer, perkusjon, pauke
Produksjon Produsent: James William Guercio Lydteknikar: Don Puluse og Sy Mitchell Innspelt av Lou Waxman og Willie Greer Logo-design – Nick Fasciano Albumdesign – John Berg Flaggdesign – Natalie Williams Fotografi – Sandy Speiser Plakatfoto – Steve Horn og Norm Griner
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chicago III» frå , den 20. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Chicago-album Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Album produserte av James William Guercio Kategori:Columbia Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Album spelte inn i CBS 30th Street Studio