Tove Agnethe Pihl () var ein norsk pedagog og politikar. Ho satt på Stortinget for Arbeidarpartiet 1969 til 1973.
Pihl var dotter av professor Otto Lous Mohr og legen og kvinnesaksforkjemparen Tove Mohr. Ho var gift med Alexander Pihl. Bestemora hennar var Katti Anker Møller.
Under andre verdskrigen var ho medlem i etterretningsorganisasjonen XU.
Pihl studerte psykologi og pedagogikk i USA, før ho vart lærer på Bjølsen skule i Oslo. I 1963 vart ho overlærer på nyopna Krossvoll skule, ei stilling ho hadde til ho døydde i 1987.
I 1969 vart Pihl innvald på Stortinget frå Oslo. Ho sat som representant for Arbeidarpartiet i éin periode fram til 1973, og var medlem i Justiskomitéen.
Ho var, blant fleire offentlege verv og styreverv, medlem i skulestyret i Oslo 1956 til 1960, og formann i Skulerådet i Oslo 1960 til 1964. Ho var òg styremedlem i Nei til atomvåpen 1980 til 1986.
Referanser Denne artikkelen bygger på «Tove Pihl» frå , den 19. desember 2015.
Bakgrunnsstoff Biografi på Stortinget.no
Kategori:Norske pedagogar Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap