Bijago er eit atlantisk språk i nigerkongo-familien som vert snakka på Bijagós-øyane utanfor Guinea-Bissau. Språket utgjer eit dialektkontinuum, og brukarar av nokre av dialektane som er fjernast frå kvarandre har problem med å forstå kvarandre.
Edward Sapir klassifiserte bijago som eit isolert språk innan den vestatlantiske greina av nigerkongo-språka, dvs. at det ikkje kan knytast til nokre (andre) undergreiner av dei vestatlantiske språka. Språkforskarar som Blench, som ikkje anerkjenner den vestatlantiske greina, har bijago som ei eiga grein under atlantisk-kongo-språka.
Fonologi Kajako-dialekten av bijago er éin av få varietetar verda over som har ein lingvolabial konsonant, dvs. ein konsonant som vert uttalt med tunga mot overleppa.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bijago» frå , den 30. desember 2015.
Kategori:Atlantiske språk Kategori:Språk i Guinea-Bissau Kategori:Einskildspråk