Utvær er namnet på den vestlegaste øygruppa i Noreg, og likeeins namnet på den største øya og fiskeværet som ligg her. Øygruppa ligg i Sognesjøen i øykommunen Solund i Vestland, om lag 18 kilometer vest om kommunesenteret Hardbakke. Det er ikkje fast busetjing her lenger. Heile øygruppa er freda under namnet Utvær naturreservat.

På Holmebåen på den vesle øya Steinsøyna i denne øygruppa ligg det vestlegaste punktet i Noreg (frårekna Jan Mayen). På øygruppa finn ein òg Utvær fyrstasjon, eit kystfyr av tredje ordenen. Fyret har raudt tårn, med lyskjelda 45 meter over havet.

Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Eivindvik prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Solund herred, frå Digitalarkivet 2022 41 57 0 Galleri

Kjelder

Kategori:Øyar i Solund