David Benjamin Kaplan () er ein amerikansk filosof og logikar som føreles ved UCLA. Han er spesielt kjend for sitt arbeid med demonstrativar og indeksikalar, proposisjonar og referanse i opake (intensjonale) kontekstar.

Interesseområda hans innanfor filosofi strekkjer seg over filosofisk logikk, modallogikk, språkfilosofi, metafysikk og epistemologi.

Demonstrativar og indeksikalar Kaplan sitt syn på demonstrativar har hatt sterk innverknad på heile feltet. Han følgjer ein ikkje-Davidsonsk teori om meining; eit indeksikal-uttrykk har ei lingvistisk meining i tillegg til å ha eit innhald (er ein proposisjon). Lingvistiske uttrykk har innhald i kontekstar, der kvar kontekst har ein aktør, tid, stad og mogleg verd.

Karakter Karakter (character) hos Kaplan er ein funksjon frå kontekst til innhald. Karakteren til «eg» er altså ein funksjon som returnerer aktøren som uttalar ordet i konteksten. Karakter er parallelt med John Perry sin term rolle.

Kjelder Braun, David. "Indexicals". Stanford Encyclopedia of Philosophy

Kategori:USA-amerikanske filosofar Kategori:Filosofar på 1900-talet Kategori:Filosofar på 2000-talet