«Fader vår» (latin Pater noster) eller «Herrens bøn» er ei av dei mest sentrale kristne bønene; det var denne bøna Jesus lærte disiplane. Ho finst i to ulike versjonar, Matt. 6:9–13Matt. 6,9-13 ved bibel.no og Luk. 11:2–4Luk. 11,2-4. Versjonen frå Matteusevangeliet er den som blir nytta mest.

Fadervåret er ein del av Jesu bergpreike. Bøna er vend til «Vår Far i himmelen», og sett saman av sju bøner; tre som gjeld tilhøvet mellom Gud og menneskja, fire som gjeld tilhøvet mellom menneske. Avslutninga («For riket er ditt» o.s.v.) er ikkje med i dei eldste handskriftene, og vart truleg lagd til då bøna vart nytta i gudstenesta. Ho kan vere henta frå ei lovprising som i følgje 1. Krønikebok 29,1 vart nytta av kong David.

I den kristne gudstenesta inngår fadervåret som ein del av liturgien ved dåp og nattverd. Om det ikkje er dåp eller nattverd, vil liturgen avslutte kyrkjebøna med å be «Fader vår». Tekstgrunnlaget kan i Den norske kyrkja vere preiketekst femte sundag etter påske.

I Den norske kyrkja avgjer soknerådet om kyrkjelyden skal nytte omsetjinga frå 1985 eller 2011. Det er også høve til å bruka Fadervår etter 1920-liturgien.Frå Gudstenesteboka 2011 (PDF)

2011-utgåva mini|Jesus Kristus lærer disiplane å be. Carl Heinrich Bloch, Nationalhistoriske Museum på Frederiksborg Slott i Danmark

Vår Far i himmelen! Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød, og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar. Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.

1985-utgåva Fader vår, du som er i himmelen. Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød. Forlat oss vår skuld, som vi òg forlèt våre skuldmenn. Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen.

1920-utgåva FADER VAAR, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast; lat riket ditt koma; lat viljen din raada paa jordi som i himmelen; gjev oss i dag vaart daglege brød; og forlat oss vaar skuld, som me og forlet vaare skuldmenn; og før oss ikkje ut i freisting; men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, og magti og æra i all æva! Amen

1891-utgåva Fader vaar, du som er i himlom! Ditt namn verte helgat! Ditt rike kome! Din vilje verte, som i himmelen, so og på jordi! Giv oss i dag vaart daglege braud! Og forlat oss vaar skuld, som og me forlata vaare skuldmenner! Og før oss ikkje inn i freisting! Men frels oss fraa det vonde! Amen.

1868-utgåva Fader vaar, du som er i Himlom. Helgat verde ditt Namn. Tilkome ditt Rike. Verde din Vilje paa Jordi som i Himmelen. Giv oss i Dag vaart daglege Braud. Og forlat oss vaar Skuld, so som me og forlata vaare Skuldmenner. Og leid oss inkje i Freisting. Men frels oss fraa det vonde. Amen.

Norrøn tekst Faðir várr sá ert á himnum, helgist nafn þitt, til komi ríki þitt, verði vili þinn svá sem á himni, svá ok á jǫrðu, brauð várt hversdagligt gef þú oss í dag, fyrirgef þú oss sakir várar, svá sem ok vér fyrirgefum skuldurum várum, ok eigi leiðir þú oss í freistni, heldr leys þú oss frá illu! På latin mini|Evangelisten skriv ned Matteusevangeliet; handskrift frå ca. år 800, i Trier Stadtbibliothek Pater noster, qui es in cælis sanctificétur nomen tuum; Advéniat regnum tuum, fiat volúntas tua, sicut in cælo et in terra. Panem nostrum quotidiánum da nobis hódie; et dimítte nobis débita nostra, sícut et nos dimíttimus debitóribus nostris. Et ne nos indúcas in tentatiónem; sed líbera nos a malo. Bakgrunn Ved kongeleg resolusjon av 25. juli 1891 vart Blix si utgåve av Luthers katekisme på landsmål tilllaten brukt i den offentlege norske skolen.

I 1908 vart Hognestad si omsetjing av Altarboka autorisert. Teksten ovanfor er henta frå Utdrag or altarboki, Kristiania 1920.

I 2006 brukte kyrkjelyder med nynorsk liturgi i hovudsak omsetjinga slik ho lyder på nr 950 i nynorskutgåva av Norsk Salmebok frå 1985.

Den norrøne teksten er henta frå Eskeland og Liestøl: Gammalnorsk, Oslo 1965. Den latinske teksten er henta frå Lov Herren Katolsk salmebok, Oslo 2000.

Kjelder

Kategori:Kristne bøner Kategori:Kristendom Kategori:Farskap